Aktivitørfaget til helse og oppvekst
Kunnskapsdepartementet har bestemt at aktivitørfaget skal flyttast til utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag.
06.03.2018
av
Yrkesseksjon helse og sosial
Sist oppdatert: 06.03.2018
Tidlegare har aktivitørfaget vore plassert i utdanningsprogram for design og handverk, men med ny tilbodsstruktur blir det lagt til helse- og oppvekstfag som er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet.
Dessverre har rekrutteringa til aktivitørfaget gått nedover dei siste åra. I 2017 var det berre 15 søkjarar til læreplass og det blei avlagt 16 fagprøver same året. Sviktande rekruttering har truleg samanheng med at det har blitt færre aktivitørar i dei kommunale tenestene og i andre verksemder som yter bistand til personar som har behov for hjelp og tilrettelegging.
Fagforbundet meiner det kan vere eit klokt grep å flytte faget til helse- og oppvekst. Forslag til endring av læreplanen er allereie ute på høyring, men Fagforbundet meiner det er behov for ein grundig gjennomgang for å sjå korleis faget i endå større grad kan tilpassast behova i arbeidslivet. Samtidig er det viktig at faget bevarer sin eigenart med vekt på aktivisering og administrering av miljøtiltak for ulike brukar- og pasientgrupper. Det kreative aspektet er også karakteristisk for aktivitørfaget. Det må utviklast vidare.