Til hovedinnhold

Ikkje tidlegare fordjuping for helsesekretærar, tannhelsesekretærar og apotekteknikarar

Mange er fornøgde med den nye tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring, men for faga som rekrutterer frå Vg2 helseservice til helsesekretær, tannhelsesekretær og apotekteknikar, var framlegginga skuffande.

05.03.2018 av Yrkesseksjon helse og sosial
Sist oppdatert: 05.03.2018

Eit samla arbeidsliv har gjennom arbeidsgrupperapportar og innspel til Fagleg råd for helse- og oppvekstfag tatt til orde for at det er nødvendig med tidlegare spesialisering for at elevane skal få den kompetansen arbeidslivet etterspør. Fagleg råd for helse- og oppvekstfag, som består av alle partane både på arbeidsgivar-, arbeidstakar- og skolesida, har meint at det bør opnast for såkalla valfri fordjuping det andre året av utdanninga – det som blir kalla Vg2 helseservice. Rådet har også meint at det bør innførast eit obligatorisk krav om praksis i desse utdanningane for å sikre at elevane får den kompetansen som utdanninga legg opp til og som arbeidslivet krev.

Kunnskapsdepartementet meiner at fagleg fordjuping ikkje er nødvendig i desse faga og at skolar og verksemder som legekontor, tannlegekontor, sjukehus og apotek, i større grad må utnytte muligheitene som finst i dagens modell. Kunnskapsdepartementet ønskjer heller ikkje å innføre krav om obligatorisk praksis fordi det er vanskeleg å påleggje verksemder å ta inn praksiselevar.

Fagforbundet er skuffa over departementets avgjerd og meiner den er defensiv. No må forbundet jobbe for at utdanningane likevel utviklar seg i den retninga vi ser er nødvendig, med større krav til kompetanse etter avslutta utdanning. Fagforbundet vil også jobbe for at det blir løyvd tilskottsmidlar til samarbeidsprosjekt mellom skolar og verksemder for å stimulere til meir samhandling, noko som forhåpentlegvis vil gi elevane eit betre opplæring.

 

Fakta:

Utdanningane til helsesekretær, tannhelsesekretær og apotekteknikar er såkalla yrkeskompetansefag. Det vil seie at elevane går tre år i skole, men med innlagte praksisperiodar. Det er ikkje læretid i desse faga og det er ingen fastsette praksiskrav. Dei aller fleste skolane som tilbyr desse faga klarer imidlertid å ordne praksis til elevane undervegs i utdanninga.

Alle tre yrka har autorisasjon som helsepersonell og titlane er beskytta.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?