Til hovedinnhold

Nei til det nye lausarbeidarsamfunnet

Landsstyret i Fagforbundet er sterkt bekymra over utviklinga i viktige delar av arbeidslivet: Det har vorte meir arbeidslivskriminalitet, og styresmaktene manglar vilje og evne til å stoppe den.

13.09.2018 av Fagforbundet, Fråsegn frå landsstyret 13. september 2018
Sist oppdatert: 13.09.2018

Sosial dumping har spreidd seg frå byggeplassen til omsorgsbustaden, heilt inn i hjartet av velferdsstaten. Vanlege arbeidsfolk mistar grunnleggande rettar ved at dei har fått ei lausare tilknyting til arbeidsplassen.

Grunnsteinen i det trygge, norske arbeidslivet har vore faste tilsettingar og heile stillingar. Arbeidstakarane har hatt ordna forhold, ei god arbeidsmiljølov og fagforeiningar. Dei seinare åra har tryggleiken vorte trua av innleige av arbeidskraft, korttidskontraktar, bemanningsbyrå, mangel på tariffavtalar og ved at arbeidarar har vorte maskerte som sjølvstendig næringsdrivande. Tidlegare har vi sett dette i bygg- og anleggsbransjen og i privat tenesteyting som reinhald og transport. Særleg har det vore arbeidsinnvandrarar som har vorte utsette for slik uakseptabel sosial dumping.

No har desse forholda spreidd seg til den offentlege finansierte velferda, og det rammar også norske arbeidstakarar direkte. Private velferdskonsern skaffar seg store inntekter ved å utfordre spelereglane i det norske arbeidslivet. Det har skjedd innanfor barnevernet, til dels i kommersielle barnehagar og i drift av asylmottak. Det same skjer no i omsorga for menneske som har problem knytt til rus, psykiatri og nedsett funksjonsevne.

Når arbeidsfolk blir utkledde som sjølvstendig næringsdrivande, blir dei samtidig strippa for rettane som arbeidstakarar har. Dei mistar rett til til regulert arbeidstid, overtidsbetaling, sjukelønn, yrkesskadeerstatning, pensjon og vern mot oppseiing og anna urimeleg behandling. Vernet som arbeidsmiljølova skal gi, blir tatt frå dei. Som sjølvstendig næringsdrivande har dei ingen tariffavtale, inga fagforeining og ingen tillitsvald som kan hjelpe dei i ein konflikt. Tvert om: Oppdragsgivaren har all makt over arbeidslivet deira og kan ta frå dei livsgrunnlaget over natta, ved å seie opp «oppdragskontrakten».

Dette ekstremt skeive maktforholdet er farleg for arbeidaren, som blant anna kan bli pressa til å jobbe uforsvarleg mykje og møte represaliar ved varsling. Rovdrifta på helse- og sosialarbeidarar rammar brukarane, som ikkje få så god omsorg som dei skal ha. Kommunane som kjøper omsorgstenester får dårlegare tenester enn dei har betalt for. Det offentlege mistar skatteinntekter som kunne gitt meir velferd. Ideelle og seriøse konkurrentar taper oppdrag, fordi dei har fast tilsette. Dei einaste som tener på denne utviklinga er dei kommersielle velferdsselskapa.

Den blåblå regjeringa kjenner desse problema og peikar nettopp på dette i sin «Strategi mot arbeidslivskriminalitet»: «Økt bruk av enkeltpersonforetak benyttes for å omgå regelverket». Likevel er det vanskeleg å sjå at regjeringa gjer noko for å stoppe omgåinga av lova, til dømes i Aleris-saka. Landsstyret i Fagforbundet vil samtidig utfordre kommunane til å ta ansvaret dei har for å forvalte velferdskronene godt og sikre at innbyggarane får dei helse- og omsorgstenestene dei har krav på.

Den auka bruken av lausarbeidarar rammar ikkje berre arbeidaren og brukaren av velferdstenestene. Får utviklinga halde fram, vil det true den offentlege finansiert velferda, det organiserte arbeidslivet og den norske samfunnsmodellen. No må alle gode krefter i arbeids- og samfunnslivet starte vår tids kamp mot lausarbeidarsamfunnet.

Last ned uttalelsen «Nei til det nye lausarbeidarsamfunnet» som pdf

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?