Til hovedinnhold

Dei fleste private barnehagane har tariffavtale

Barn er nysgjerrige og ser verden med nye øyne!

Barn er nysgjerrige og ser verden med nye øyne! (Foto: Barnehagedagen / Jan Lillehamre)

Anne Kristin Førde, leiar for yrkesseksjon kyrkje- kultur og oppvekst i Fagforbundet Sogn og Fjordane skriver om private barnehager.

03.09.2019 av Renate Tårnes
Sist oppdatert: 02.10.2019

Fagforbundet har mange medlemmer som arbeider i private barnehagar, og dei fleste private barnehagane har tariffavtale.Eit punkt i avtalane handlar om kompetanseutvikling (§ 5.1)
Her har partane understreka nødvendigheita og viktigheita av at arbeidstakaren gjennom ulike tiltak, kan auke kunnskapane sine. Partane understrekar verdien i at arbeidstakarane vert stimulert til å auke kunnskapen sin og styrke kompetansen sin. Verksemda og den enkelte, har kvar for seg og i fellesskap, eit ansvar for å vareta kompetanseutviklinga.
Av inntektene til private barnehagar kjem rundt 80 prosent frå kommunale tilskot, og resten frå foreldrebetaling. Tilskot til private barnehagar vert berekna ut frå gjennomsnittlege utgifter i dei kommunale barnehagane i den enkelte kommune. Frå 2015 er grunnlaget for berekninga av tilskotet, endra frå kommunane sitt budsjett til kommunane sitt rekneskap frå to år før tilskotsåret. Endringa inneber at tilskotet vert berekna éin gong per år, noko som gjer ordninga meir føreseieleg for dei private barnehagane.

Barnehagebransjen vert dominert av store kommersielle aktørar, der eigarane hentar ut store summar i profitt. Dette gjeld blant anna Læringsverkstedet, Espira, Norlandia Barnehagene og FUS. Læringsverkstedet driv 200 barnehagar fordelt på 70 kommunar, og vil i år omsette for om lag 3 milliardar kroner. Espira er eigd av det svenske storkonsernet AcadeMedia. Tidlegare var dei eigde av det finske investeringsselskapet CapMan. Da CapMan selde Espira til AcadeMedia i 2014 anslo hegnar.no ei forteneste på fleire hundre millionar kroner etter seks år eigarskap. Då Norlandia barnehagane vart seld, fekk eigarane Benn Edissen og Even Carlsen ein gevinst på rundt 500 millionar kroner, ifylgje Avisa Nordland
Eigarane av FUS har investert 800 millionar i oljeleiting i USA.
Desse selskapa har gjennom avtaleverket forplikta seg til aktivt å stimulere til auka kompetanseutvikling av dei tilsette. Fagforbundet meiner det er uakseptabelt at dei fokuserer på profittmaksimering, enn å fylgje opp denne forpliktinga overfor sine tilsette.
Fagforbundet får tilbakemelding frå medlemmar om avslag på søknadar om ny tittel og løn etter bestått fagbrev. Grunngjeving på avslag er økonomi og usikkerheit i forhold til tilskotsordningar.

Espira har òg på grunnlag av endra rammevilkår kome med retningslinjer for rekruttering i Espira barnehagane. Dei seier blant anna at nytilsetting av medarbeidarar, primært skal ha ein ansiennitet på 0-6 år. Rekruttering av stillingskategorien fagarbeidar vart stoppa våren 2018. Det er framleis ikkje høve til å rekruttere innanfor denne stillingskategorien. Medarbeidarar i Espira som ynskjer å ta fagbrev, vil ikkje få opprykk av stilling og løn.
Fagforbundet meiner at pengar som går til barnehagedrift, skal komme brukarar og tilsette til gode. Det er på tide å sette krav bak tilskotsordninga til dei private barnehagane. Forpliktingar overfor dei tilsette kan ikkje komme i andre rekkje etter privat profitt.
Fagforbundet meiner barnehagekonserna snakkar med to tunger når det gjeld profittmaksimering og kompetansefokus hos dei tilsette. Fagforbundet meiner det er på tide å sette krav bak tilskotsordninga til dei private barnehagane.
Anne Kristin Førde
Leiar yrkesseksjon kyrkje- kultur og oppvekst
Fagforbundet Sogn og Fjordane
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?