Til hovedinnhold

Barne- og ungdomsarbeidarar føler at dei blir skvisa ut

Illustrasjon: barn, barnehager

Illustrasjon: barn, barnehager (Foto: Heidi Steen Steen, Heidi)

Les leder i Fagforbundet Ørsta Ingvild Aasen sitt leserinnlegg om hvorfor man bør satse på barne- og ungdomsarbeiderne.

03.09.2019 av Renate Tårnes
Sist oppdatert: 02.10.2019

Pedagognorma og lærarnorma er ønskeleg frå Fagforbundet, men den har også ei side som ikkje kjem fram. Barne- og ungdomsarbeidarar føler at dei blir skvisa ut av yrket sitt. Er det vits i å ta fagbrev?

Vi treng alle yrkesgrupper i skule og barnehage. Politikarane må vere med å lyfte dei opp. Dei må legge til rette for at fleire kan ta fagbrevet, og at dei får fulltidsjobb som dei kan leve av.

Budsjetta til barnehage og skule må opne for at dei tar vare på denne yrkesgruppa.

Barne- og ungdomsarbeidarane har fire års utdanning og kan møte kognitive, praktiske, sosiale og emosjonelle sider ved barnet si læring. Likevel er dei ei yrkesgruppe som er lite synleg.

Gjer ein forskjell

Barne- og ungdomsarbeidaren gjer ein forskjell for det einskilde barnet, særleg dei som har behov for ekstra hjelp. Dei har ein annan kompetanse enn det lærarane har. Barnehage og skule skal utvikle og ivareta heile mennesket. Tilsette med ulik kompetanse kan møte barnet med ulikt perspektiv.

Fagforbundet vil at det i vedtektene for Ørsta-barnehagen vert fastsett ei minimumsbemanning på kor mange det skal vere på kvar avdeling.  Vi har ei pedagognorm, men der står det ingenting om minimumsbemanning. Fokuset i Ørsta har vore på barnehagelæraren, og vi ligg godt innanfor pedagognorma i barnehagane. Det har vorte satsa mykje på vidareutdanning for pedagogar, den einaste yrkesgruppa i barnehage som uansett behov blir tilbode 100 prosent stilling. 

No må vi lyfte blikket og fokusere på dei andre yrkesgruppene. 

Pedagognorma og konsekvensar

Kvar pedagog har inntil fire timar ubunden tid pr. veke. I ein barnehage med fire avdelingar der to avdelingar har to pedagogar og ein assistent pr. avdeling, og dei andre to har ein pedagog og to assistentar pr. avdeling, er det pedagogiske personalet ute frå avdelingane 24 timer i veka. Dette utgjer om lag 65 prosent stilling. I tillegg til dette kjem møte, pause, planlegging og kurs. Det vil seie at barnehagar som ligg på minimumsbemanning – som er det vanlige, er underbemanna på dagleg basis.  

Kven er det då som er saman med barna? Kor mange barn er det då pr. vaksen? På papiret er det ifølge vedtektene nok tilsette, men vi ser korleis kvardagen er og kor mykje pedagogane ikkje er på avdelingane. Vedtektene må vere tydelegare på kva krav dei har til tal på barn pr. vaksen.

Politikarane må legge til rette

Lærarnorma vil føre til at det blir færre barne- og ungdomsarbeidarar i skulen. Elevane har ein tverrfaglig kompetanse rundt seg, men reformene vil føre til ei fagleg vriding mot fleire lærarar og færre andre yrkesgrupper i skulen, og det er uheldig. Det tverrfaglege har sin verdi i skulen.  Vaksentettleiken vil bli mindre i skulen, og det kan gå utover einskildelevar. Vi må legge til rette for at barne- og ungdomsarbeidarar fortsatt skal vere i skulen. Vi treng alle yrkesgrupper i skulen, og det kan ikkje vere slik at dei berre skal jobbe i skulefritidsordninga. Mange elevar treng støtte heile dagen, og kven vil jobbe på SFO med ei arbeidstid frå 13.30 -17.00? Du får ikkje ei lønn å leve av då!

Barne- og ungdomsarbeidaren er stolte av yrket sitt. Fagforbundet vil kjempe for at politikarane i Ørsta vil ta i bruk deira kompetanse, og anerkjenne og verdsette yrket deira i praksis. Då må politikarane legge til rette for at dei får ein stillingprosent dei kan leve av, og legge til rette for at fleire tek fagbrevet. Dei må motivere ungdomen til å velje dette yrket. Vi treng alle i yrkesgruppene i barnehage og skule.

 

Fagforbundet Ørsta

Ingvild Aasen

Leiar/ Hovudtillitsvald

 

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?