Til hovedinnhold

Talerør mot undertrykking

Palesinaambassadørar foran minnesmerket over massakren i Sabra i 1984. Frå venstre Anne-Kristin Førde, Ole Roger Berg, Lynette Frøyhov, Eddie Whyte og Turid Granum.

Palesinaambassadørar foran minnesmerket over massakren i Sabra i 1984. Frå venstre Anne-Kristin Førde, Ole Roger Berg, Lynette Frøyhov, Eddie Whyte og Turid Granum. (Foto: Geirmund Jor)

Anne Kristin Førde er eit av augevitna frå Fagforbundet og skal fortelje medlemmene om undertrykkinga av palestinske flyktningar i dei store leirane mellom anna i Libanon.

28.11.2016 av Geirmund Jor
Sist oppdatert: 12.12.2016

Ho har nyleg vore i Libanon for å sjå lidingane med eigne auge. Møt Fagforbundets palestinaambassadør Anne Kristin Førde frå Sogn og Fjordane, som altså kallar seg Tina.

Tippoldefar var flyktning

– Eg blir både trist og sint i møtet med dei palestinske flyktningane her i Libanon. Dei er femte generasjon flyktningar. Dei blir nekta «alt» og lever under forhold som ikkje er til å beskrive. Det mest opprørande er vel at dei ikkje har gjort noko sjølve for å kome i denne situasjonen. 760 000 palestinarar blei drivne på flukt då FN oppretta staten Israel i 1948, sidan er talet mangedobla. Flyktningane og etterkomarane deira har vore innesperra i ein av dei tolv FN-oppretta flyktningleirane, eller i ei av de uoffisielle busetjingane for palestinarar sidan dei måtte reise frå heimane sine. Det er opprørande, seier Tina.

– Eg hadde ikkje drøymt om at folk kunne leve under slike vilkår. Eg trudde at ting hadde normalisert seg i løpet av alle desse åra, men eg skjønar jo no at sånn er det ikkje. Dei er jo også fråtekne alle utvegar til å gjere noko med situasjonen sin.

Nesten utan rettar

Palestinarane er statslause. Dei kan ikkje få libanesisk statsborgarskap og har heller ikkje same rettar som libanesarar. Forboda er mange. Det er forbode for palestinarane å eige eigedom i Libanon. Dei har også store problem med å skaffe seg jobb fordi dei er klassifiserte som utlendingar, og då er det vanskeleg å få arbeidsløyve. I heile 34 yrke er det yrkesforbod for palestinarar. Dei får ikkje jobb sjølv om dei er kvalifiserte og jobben er ledig. Palestinarane får ikkje gå på libanesiske offentlege skular. Eit eige FN-organ, UNRWA, sørgjer for at palestinarane får eit minimum av utdanning i overfylte klassar inne i flyktningleirane.

Noreg bidreg mindre

– Eg blei ganske skaka då eg fekk høyre at økonomien til UNRWA er blitt svakare fordi Noreg har kutta i løyvingane. Denne FN-organisasjonen er frå før kraftig underfinansiert, og alle kutt, små eller store, kan merkast med éin gong. Flyktningleirane har vore her i 70 år, og dei fleste her kjenner ikkje til noko anna liv enn som flyktning. Det er imponerande at dei held ut og ikkje mister alt håp, seier Tina.

Det kanskje sterkaste inntrykket gjorde flyktningleiren Shatila, midt i Beirut. Nøyaktig kor mange som bur her, veit ingen. Offisielle tal seier om lag 10 000, men mange av dei omkring 30 000 palestinarane som har flykta frå Syria, bur også i og rundt leiren. I Shatila kan det bu så mange som 20 000 menneske.

Lukta riv i nasen

– Mange av smuga er så tronge at du nesten subbar skuldrane i husveggene på kvar side når du går gjennom leiren. Rett over hovudet heng eit virvar av leidningar, straum og vatn om kvarandre. I og utanfor dei overfylte husa vrimlar det av barn. Lukta i området er ubeskriveleg. Det er verkeleg ei skam at folk blir tvinga til å leve på denne måten. Det var sterkt å stå på minnelunden over dei som blei drepne her under massakren i 1982. Då blei fleire tusen menneske drepne av falangistar med støtte frå israelske soldatar. Ingen veit nøyaktig kor mange. Tala varierer frå 800 til mellom 2500 og 3500.

Fagforbundet bidreg til å finansiere to program: Ungdom Kan og Kvinner Kan. Ungdom Kan-programmet driv si verksemd i to leirar, Rashidieh og Beddawi Camp. Tina fekk besøkje Ungdom Kan i Rashidieh, heilt sør i Libanon, på grensa mot heimlandet som alle dei palestinske flyktningane drøymer om å få kome tilbake til.

Har håp og livskraft

Ja, det var flott å sjå. Det vi fekk sjå av leiren, var kummerleg og slitent, men menneska som dreiv ungdomsklubben Al Jalil, hadde energi og pågangsmot. Då vi kom, blei vi møtt av to ulike dansegrupper. Dei song på arabisk, så akkurat kva dei song om, veit eg ikkje, men kva det handla om, var lett å forstå. Det var fint å prate med desse barna om håp og planar for framtida og om interesser dei har i dag. Det var ei eiga oppleving å møte ungdom frå akkurat denne klubben. Vi i Fagforbundet Sogn og Fjordane støttar denne organisasjonen direkte gjennom Folkehjelpa, utanfor hovudsamarbeidet med Fagforbundet. Formålet er å utveksle ungdomserfaringar mellom palestinsk ungdom i leiren og Fagforbundets ungdom i fylket.

Ungdomsklubben hadde mellom anna fått lokale kjøpmenn til å boikotte varer frå produsentar som støttar Israel. Då vi var der, fekk kjøpmennene diplom og velfortent ros. Elles var mykje av arbeidet til klubben konsentrert om idrett, særleg for unge jenter. Arabisk tradisjon set klare grenser for kva jentene får vere med på, og klubben var stolt av å få til bade basketball og fotball, også for jenter.

Drøymer om Europa

I Rashidieh møtte eg Ibrahim Shawaheen og familien hans. Han er ein palestinsk flyktning frå Syria. Dei hadde rømt frå flyktningleiren Yarmok utanfor Damaskus i 2012, og hadde budd i Rashidieh sidan. Ibrahim var eigentleg bakar, men på grunn av skadar kan han ikkje jobbe. Han blei enkemann for fire månader sidan, fortalde han. Kona fekk hjarteproblem og døydde rett etter at ho flytta frå akuttmottaket. Han hadde ikkje pengar til å betale for plassen. Utan pengar og utan å kunne jobbe har han berre eitt håp: Europa. Kan han berre kome dit, vil livet bli lettare, trur han. Han er far til fire jenter og ein gut. Jentene tok imot oss i blikkskuret, som tente som opphaldsrom, saman med pappa. Ungane blir sjuke av å bu her; her manglar det ein vegg, og taket lek. Dei to eldste døtrene drøymer også om ei betre framtid, éi som revisor, og den andre håpar ein gong å kunne bli lærar.

Kampen for palestinarane sine rettigheiter handlar om menneske som Ibrahim og familien hans, saman med hundretusenar andre. Sjølv om det ser vanskeleg ut, er kampen for eit eige land, der palestinarane kan bu, bevege seg fritt og ha same rettigheiter som alle andre, den einaste vegen som kan løyse problema for dei palestinske flyktningane, avsluttar Anne Kristin Førde frå Fagforbundet.

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?