Vellykka seminar om portørfaget
9. februar arrangerte Spekter, Fagforbundet og Delta eit seminar om utvikling av portørfaget. Rundt 70 leiarar og tillitsvalde frå helseføretak over heile landet var samla på Gardermoen.
11.02.2016
av
Tonje Thorbjørnsen
Sist oppdatert: 11.02.2016
Prosjektgruppa som består av representantar frå dei tre organisasjonane la fram korleis det blir jobba med pilotprosjektet ved Stavanger Universitetssykehus, Haukeland sykehus og St. Olav hospital. Formålet med prosjektet er å etablere gode opplæringsløp slik at dei som ønskjer det kan ta eksamen og seinare fagbrev som praksiskandidat. I prosjektet blir det prøvd ut ulike modellar; i Stavanger satsar ein på eigne krefter medan andre nyttar etablerte utdanningstilbydarar.
Eit viktig moment som blei framheva av fleire var at dersom eit helseføretak vel å nytte eksterne utdanningstilbydarar må det jobbast godt med bestillinga slik at opplæringstilbodet er i tråd med det deltakarane treng. Og uansett er det lurt å nytte interne ressursar og lære av kvarandre.
Parallelt med pilotprosjektet jobbast det med utvikling av læremiddel og etablering av prøvenemnder. Dei første lærlingane er også på plass og det blir spennande å sjå om dette blir eit fag som vil rekruttere unge.
Rogaland fylkeskommune ved Per Osland informerte om regelverket rundt fagopplæringa og ga mange god råd til dei som no er i ein planleggingsfase. Han sa også at det aldri er for seint å ta fagbrev og den eldste han hadde hatt opp til fagprøve var 66 år!
Målet med seminaret var å spreie informasjon og erfaring og å bidra til etablering av nettverk på kryss og tvers. Tilbakemeldingane frå deltakarane var positive og planen er eit nytt seminar i 2017.
Fakta:
- Portørfaget blei etablert som eige fag i vidaregåande opplæring i 2015
- Det er eit eige Vg3 som kan rekruttere frå Vg2 helsefagarbeidar, helseservice og ambulansefag
- Dei første portørane ventast å få fagbrev sommaren 2016