Til hovedinnhold

Statssekretær positiv til etablering av bachelorutdanning i ambulansefag (paramedic)

Fagforbundet har vore i møte med statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartemtet om etablering av bachelorutdanning i ambulansefag (paramedic).

07.09.2015 av Tonje Thorbjørnsen
Sist oppdatert: 07.09.2015

Raymond Turøy, leiar i seksjon helse og sosial, etterlyste oppfølging av rapporten frå Helsedirektoratet (juni 2014) der ei breitt samansett arbeidsgruppe tilrådde etablering av nokre pilotutdanningar for å prøve ut ei treårig bachelorutdanning i ambulansefag. Arbeidsgruppa meinte at ambulansearbeidaren er grunnmuren tenestene kviler på, men at det er behov for ei eiga høgskoleutdanning som kan gi breiare og meir avansert kompetanse enn den ein oppnår i eksisterande grunnutdanning.

Per i dag har Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) starta opp bachelorutdanning og tatt opp to kull, men utan at det er avklart kva status kandidatane får etter avslutta utdanning. Fagforbundet etterlyser ein strategi for korleis eit utdanningstilbod som kan dekkje behova i heile landet, bør byggjast opp. Ressursane må samlast og koordinerast og det må etablerast nasjonale føringar for dimensjonering og kvalitet.

Erlandsen viste til det pågåande arbeidet med Nasjonal helse- og sykehusplan og til arbeidet i Akuttutvalet. Kompetansebehovet i ambulansetenesta vil bli behandla i samband med desse utgreiingane. Erlandsen uttrykte forståing for at det er nødvendig både å sikre dei studentane som no allereie er i gang med utdanninga ved HiOA med omsyn m.a. til autorisasjon, og å få etablert ei ordning som kan ivareta ulike geografiske behov.

Statssekretæren inviterte partane til ny samtale når Nasjonal helse- og sjukehusplan føreligg i løpet av hausten 2015.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?