Til hovedinnhold

Her er portørane sjef under forflytning i seng

Ålborg universitetshospital (illustrasjon)

Ålborg universitetshospital (illustrasjon) (Foto: Line Bloch Klostergaard, Kommunikation RN)

Du kjenner kanskje portørane som dei som transporterer pasientane. På Ålborg sjukehus er 30% av oppdraga til portørar oppdrag med å flytte på ein pasient i ei seng.

09.05.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.01.2023

Oppdraga kan då til dømes vere å snu ein sengeliggjande pasient, få dei lenger opp i senga, å endre sengeleie for å førebyggje trykksår eller å få ein pasient over i ein stol frå senga.

Portøren Keld Villadsen besøkte Fagforbundets portørkonferanse på Gardermoen 5. april. Der presenterte han mellom anna deira arbeid med forflytning på Ålborg sjukehus.

– Det er portørane som er eksperthjelpa i forflytning, seier Villadsen

Hjelpa er etterspurd av både legar og sjukepleiarar.

– Vi sikrar at forflytningane skjer på ein god måte, og vi har stort fokus på å førebyggje skadar hos personalet

Når portørane vart tilkalla for å bistå i ein forflytning er det dei som tek styringa

Portørane bidreg til at forflytningane skjer på ein god måte, med stort fokus på å førebyggje skadar hos personalet, samstundes som ein sikrar at forflytninga skjer på ein skånsam og god måte for pasienten. At ein kan tilkalle portørar når ein skal forflytte pasienten gjer òg at ein frigjer kapasitet hos pleiepersonalet, sidan ein då berre treng å vere ein pleiar.

Viss det er ein skade ein må ta omsyn til, er god kommunikasjon med pleiepersonalet viktig.

– Vi les jo ikkje journalar, så me lener oss alltid på sjukepleiarane og legane sin faglighet

God opplæring

Det er portørane som gjer all forflytningsopplæring på sjukehuset.

– Då sikrar me at alle har same forståing og same utgangspunkt, og det vart ikkje diskusjonar om korleis me skal gjere det – alle veit korleis dei skal gjere det

Opplegget tek utgangspunkt i det dei kallar «PRIS», som står for som står for «planlegging», «risikovurdering», «informasjon» og «samarbeid».

– Viss du gjennomfører ei forflytning som går galt, ved at ein tilsett eller pasient vart skada, er det ofte snakk om manglande planlegging eller manglande risikovurdering

– Spennande

Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial, synst at måten dei gjer ting på i Danmark er spennande, og meiner at her har me noko å lære.

– Portørar er jo ekspertar på forflytning. På Ålborg sjukehus har dei fått satt dette i eit system som gjer at andre yrkesgrupper på sjukehuset kan dra nytte av deira kompetanse. Dette er eit døme på god oppgåvedeling til glede for både tilsette og pasientar, seier Luther

Mange oppgåver

Portørane i Danmark har mange ulike oppgåver. Somme stader er det portørar på intensivavdelingar, mellom anna på grunn av deira spisskompetanse på forflytning. Andre stader tilbyr dei òg fastvakttenester, for å avlaste pleietenesta. Då får portørane undervisning i ein del pleieoppgåver, sånn at dei kan gjere noko av den grunnleggjande pleia til den pasienten dei skal vere fastvakt på, i tillegg til noko sjukdomslære sånn at dei kan reagere viss på endringar i pasienten sin tilstand og overvake grunnleggjande vitale målingar.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?