Vi treng heile laget i arbeidslivet
Norske arbeidsfolk står framfor store utfordringar, slik kameratar over heile verda gjer. Vi opplever aukande prisar og høgare rente, samtidig som det er mangel på arbeidskraft i viktige yrke.
21.10.2022
av
Uttalelse fra Fagforbundets landsmøte, 17.–21. oktober 2022
Sist oppdatert: 07.03.2023
Framover kan det bli knappare både med pengar og hender til å utføre oppgåvene som skal sikre innbyggarane velferd og velstand. Derfor blir det viktigare at vi prioriterer, og at vi gjer solidariske val.
Fagforbundet arbeider for at alle arbeidstakarar skal få betre lønns- og arbeidsvilkår. Det må bli lettare for fleire å kunne ha ei større stilling og stå lenger i arbeidslivet, noko som også kan løyse personellmangelen. Vi må gi fleire høve til etter- og vidareutdanning, og hjelpe folk som står utanfor tilbake i arbeid. Utmaningane i vår tid krev solidariske løysingar.
Ny regjering på lag med arbeidsfolk
Den raudgrøne regjeringa har det siste året innfridd viktige krav frå fagrørsla og arbeidsfolk. Regjeringa har sikra betre vern og jamnare maktbalanse i arbeidslivet gjennom styrking av Arbeidsmiljøloven.
Det generelle høvet til mellombelse tilsetjingar er fjerna, og Ap/Sp-regjeringa har foreslått lovfesting av retten til heiltid og innføring av dokumentasjonskrav for arbeidsgivarar ved bruk av deltid. Dette gir oss i fagrørsla nye verkemiddel for å sikre medlemmane våre heile, faste stillingar og ein tryggare livssituasjon. Gjeninnføringa av kollektiv søksmålsrett og områdevise forbod mot innleige, vil også motverke sosial dumping og sikre norske lønns- og arbeidsvilkår i Noreg.
Tillitsreform for offentlege tenester
For å møte morgondagens utfordringar, treng vi å bruke arbeidskrafta vår smartare. Det er ein av hovudgrunnane til at Fagforbundet samarbeider med regjeringa om ei tillitsreform for offentleg sektor. Vi meiner at organiseringa av velferdstjenestene og tenestestadene må ta utgangspunkt i at vi treng ulik kompetanse for å løyse oppgåvene på den beste måten. For låg bemanning og rigide utdanningskrav kan hindre dette. Overdriven målstyring og rapporteringskrav hindrar dessutan dei tilsette i å bruke kunnskap og faglege skjønn i tenestutøvinga. Dette er lite effektivt.
Fagforbundet vil i arbeidet med tillitsreform legge særleg vekt på å etablere lokalt trepartssamarbeid i kommunar og verksemder. Betre samarbeid mellom tillitsvalde, den administrative og den politiske leiinga, vil gi innbyggarane betre offentlege tenester.
Rekruttering og kompetanse
Framover vil det også tvinge seg fram eit linjeskift i måten vi rekrutterer tilsette og utviklar kompetanse i dei offentlege tenestene. I dei kommunale tenestene vil det bli behov ein meir berekraftig balanse i nyrekruttering av fagarbeidarar og høgskuleutdanna. Vi vil også vere nøydde å legge meir vekt på å utvikle kompetansen til arbeidstakarar som allereie jobbar i tenestene. Innanfor eldreomsorga talar til dømes mykje for at det vil vere fornuftig at helsefagarbeidarar får utdanne seg til sjukepleiarar. Folk som allereie har fartstid i tenestene, veit kva dei går til og kjenner oppgåvene og krava. Mange av desse vil ofte vere vel så godt førebudde som dei som kjem rett frå høgskuleutdanning.
Framtidas bemannings- og kompetansebehov stiller store krav til yrkesfagleg utdanning og livslang læring. Etter- og vidareutdanning må bli eit reelt tilbod for alle arbeidstakarar, mens dei utan formell kompetanse må få tilbod om utdanning. Fagskoleutdanninga må styrkast og sikre fleire høve til høgare yrkesfagleg utdanning.
Fagforbundet vil halde fram arbeidet for «Y-vegen», den yrkesfaglege vegen til høgare utdanning. Fleire med fag- eller sveinebrev må få høve til høgare utdanning sjølv om dei ikkje har generell studiekompetanse.
Heiltidskultur for tryggleik og effektivitet
Nytenking om rekruttering og oppgåvedeling må gå hand i hand med utvikling av heiltidskultur. Særleg mange nyutdanna fagarbeidarar har dårlege utsikter til heile, faste stillingar, blant anna innan helse- og omsorgsteneste og oppvekstsektoren. Dette gjer det vanskelegare å rekruttere fagarbeidarar, og gjer at mange etter kort tid søker seg til andre jobbar.
Mange tilsette i små stillingar er dessutan til hinder for ei effektiv oppgåveløysing ved den enkelte tenestestad. Dette gjer det vanskelegare å drive kompetanseutvikling som omfattar alle. Heiltidskultur handlar om jobbtryggleik for den enkelte, men også om at samfunnet skal få meir produktivitet og kvalitet i tenestene. Fagforbundet vil arbeide for en reform som inneholder en arbeidstidsreduksjon med full lønnskompensasjon, for eksempel sekstimersdag.
Dei norske velferdstenestene vil trenge langt meir arbeidskraft i åra framover. Dette kan vi ikkje løyse ved høgresidas einsidige tru på å auke pensjonsalderen for alle yrkesgrupper. Fagforbundet krev tvert om ein politikk som sikrar at fleire får større stillingar, samtidig som arbeidsbelastninga gjer det mogleg å stå lenger i jobb. Skal vi løyse utfordringane i velferdstenestene, treng vi heile laget.