Til hovedinnhold

Framtidas akuttmedisinske tenester

Fronten av ein ambulanse i snølandskap

Illustrasjonsbilete (Foto: Line Ernestussen)

Fagforbundet meiner ei satsing på kompetanse, betre samhandling og meir tillit er sentrale element i framtidas akuttmedisinske tenester.

19.03.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 19.03.2024

– Vår styrke er at vi organiserer heile kjeda, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial. Men ho er tydeleg på at dette òg forpliktar til å sjå heilskapen.

Fagforbundet har sendt innspel til ei stortingsmelding om framtidas akuttmedisinske tenester som kjem siste halvdel av 2024 eller fyrste halvdel av 2025.

Hovudprioriteringar

Fagforbundet framhevar særleg fem satsingsområde:

  • Ei tydeleg satsing på kompetanse, inkludert etter- og vidareutdanning.
  • Betre samhandling mellom tenestenivå.
  • Meir tillit til fagfolka, avvikling av «akuttmedisinsk indeks».
  • Å oppretthalde lokal beredskap i distrikta.
  • Auka kompetanse på psykisk helsevern og rus.

Satsing på kompetanse

– Fagfolka er det viktigaste vi har i tenesta. Dei må anerkjennast og satsast på, konstaterer Luther.

Fagforbundet understrekar behovet for å anerkjenne og ta i bruk all kompetansen som allereie er tilgjengeleg. Dette inneber ei satsing på fagskulen som vidareutdanningsarena for fagarbeidarar, samstundes som ein legg til rette for at dei som ynskjer å gå vidare på ein høgskule- eller universitetsutdanning kan gjere det.

Ein må òg sjå kva moglegheiter høgskule- og universitetsutdanningar gir, til dømes ved å sjå til Storbritannia og korleis dei nyttar paramedisinarar med vidareutdanning der, og på å ta i bruk til dømes avanserte kliniske sjukepleiarar i større grad.

Meir tillit

Fagforbundet har fått tilbakemeldingar frå medlemmer som opplev at fagkompetansen deira vert underkjent. Konsekvensane er overforbruk av ambulansetenester og unaudsynt inntransportering til sjukehus.

– Vi må ha tillit til fagfolka våre. Det er for å ta faglege avgjersle dei er der, og då må systemet rundt byggje opp om dette. I dag gjer det ikkje det i stor nok grad, særleg på AMK-sentralane og i ambulansetenesta, seier Luther.

Difor ber Fagforbundet regjeringa om å skrote akuttmedisinsk indeks, noko Helsetilsynet òg har konkludert tidlegare, og å byte det ut med eit støtteverktøy som let fagfolka nytte fagkunnskapen sin i større grad.

Unngå unaudsynte innleggingar frå sjukeheim

Eit anna punkt som Fagforbundet meiner ein må gjere noko med er tilgangen på lege på sjukeheimar.

– Me må sikre at naudsynt kompetanse er tilgjengeleg på sjukeheimen, sånn at ein ikkje må transportere ein pasient til legevakt eller sjukehus for noko som kanskje kunne vore handtert lokalt, seier Luther.

Det er særleg utfordringar med tilgang på lege på ettermiddag, natt og helg.

– Å transportere pasientar inn til sjukehus for å kompensere for manglande legetilgang er verken god pasientbehandling eller god ressursbruk. Dette må vi få løyst, konstaterer Luther.

Trygge fødetilbod

Fagforbundet understrekar behovet for trygge, desentraliserte fødetilbod.

– Der det er lang transportveg inn til sjukehus må ein ha følgjeteneste med jordmor. Aller helst bør det vere tilgjengeleg for alle som bur over ein time frå fødeavdelinga, seier Luther.

Ein framhevar òg viktigheita av ambulanseberedskap i nærleiken av der folk bur, og at ein legg opp til levedyktige lokalsjukehus

Omfattande innspel

Fagforbundet har skrevet eit omfattande innspel til stortingsmeldinga.

– Dette er viktig for våre medlemmar. Både som fagfolk i den akuttmedisinske tenesta, men òg som innbyggjarar, avrundar Luther.

Heile innspelet til Fagforbundet kan du lese her (PDF).

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?