Til hovedinnhold

Krev yrkesskadeforsiking for ambulansepersonell under øving

Ambulanse jakker som heng på knagger

Fagforbundet krev at yrkesskadeforsikringa skal gjelde under øving. (Foto: Birgit Dannenberg)

Ambulansepersonell er ikkje dekka av yrkesskadeforsikring under øving. Fagforbundet møtte Arbeidarpartiet på Stortinget for å diskutere saka.

27.05.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.05.2024

– Er du på jobb, så skal du vere dekka av yrkesskadeforsikring, det seier seg jo eigentleg sjølv, seier Ingunn R. Jacobsen, som sit i Fagforbundets arbeidsutval.

I dag er det likevel sånn at reglene for dekning gjer at mange skadar som kan oppstå på ei øving ikkje vert dekka. Ein krev at det er «uvanleg» for arbeidet, som er vanskeleg å definere for ambulansepersonell. Samstundes er definisjonen på «arbeidsulykke» formulert sånn at øving og trening ofte fell utanfor.

Konstruktivt møte

Torgeir Holm (rådgjevar i Fagforbundet) , Ingunn Reistad Jacobsen (Fagforbundets arbeidsutval) og Eskild Hustvedt (rådgjevar i Fagforbundet) møtte Arbeiderpartiets Bjørnar Skjæran (Arbeids- og sosialkomiteen) og Truls Vasvik (Helse- og omsorgskomiteen)
Torgeir Holm (rådgjevar i Fagforbundet) , Ingunn Reistad Jacobsen (Fagforbundets arbeidsutval) og Eskild Hustvedt (rådgjevar i Fagforbundet) møtte Arbeiderpartiets Bjørnar Skjæran (Arbeids- og sosialkomiteen) og Truls Vasvik (Helse- og omsorgskomiteen) (Foto: Steinar Ottesen)

Fagforbundet hadde 22. mai 2024 møte med Bjørnar Skjæran (Arbeids- og sosialkomiteen) og Truls Vasvik (Helse- og omsorgskomiteen) på Stortinget for å snakke om saka. Jacobsen er godt nøgd med møtet.

– Eg fekk inntrykk av at dei forstod godt kvifor dette er så viktig for oss, seier Jacobsen.

Ho har tru på at ein no vil kome fram til ei løysing.

– Me har løyst dette holet i yrkesskadeforsikringa for politiet, og det er varsla ei løysing for brannvesenet. Det som manglar då er ei løysing for helsetenesta, og det trur eg me skal få til, seier ho.

Ikkje berre ambulanse

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, understrekar at det ikkje berre gjeld tilsette i ambulanse.

– Ein del av dei tilsette i psykiatrien øver på handtering av valdshendingar. Det er klart at det er ein fare for skader der òg. Difor er det viktig at me får på plass ei løysing som òg omfattar desse, seier Luther.

Aller helst skulle ho sett at ein fekk på plass ein løysing som gjaldt heile arbeidslivet.

– Dette er jo noko som vil gjelde mange andre òg. Vårt langsiktige mål er difor ei løysing som gjeld alle, uavhengig av kor og kva ein jobbar med, seier ho.

Likevel meiner ho at det er rett å prioritere ei løysing for ambulansepersonell og tilsette i psykiatrien i fyrste omgang.

– Særleg for ambulansepersonell vert det jo urimeleg om dei på øvingar saman med brann og politi skal vere dei einaste av blålysyrka som ikkje er dekka av yrkesskadeforsikringa. Difor må me få på plass ei løysing for desse no snarast mogleg, og heller jobbe langsiktig med ei løysing for alle, avsluttar ho.

– Helt urimeleg

Luther meiner utslaget av dagens reglar er heilt urimelege.

– Me kan ikkje ha det sånn at folk som øver på farlege situasjonar og utset seg sjølv for fare på vegne av oss alle ikkje er forsikra viss noko går galt, seier Luther.

Ho visar òg til at det ligg ei forventning i helselovverket om at helsepersonell skal delta på naudsynt trening.

– Me treng høgkompetent helsepersonell. Då må dei trene, og då må me sikre at dei ikkje treng å uroe seg for økonomien sin om noko går galt, avsluttar Luther.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?