Til hovedinnhold

Anbefaler fleire portørar

Rapporten vektlegg god kommunikasjon mellom ulike yrkesgrupper.

Rapporten vektlegg god kommunikasjon mellom ulike yrkesgrupper. (Foto: Birgit Dannenberg / Fagforbundet)

Ny rapport konkluderer med at portørar kan bidra med meir. Masterstudentar har undersøkt bruken av portørar ved to av sjukehusa i Oslo. Anbefalinga er klar: me treng fleire portørar, og dei bør gjere meir enn i dag.

25.06.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 25.06.2024

Helge Sporsheim, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er einig med studentane.

– Vi må tørre å tenkje nytt. Alle må få bidra med det dei er sterke på, seier han.

Sporsheim meiner at portørar har ein tendens til å bli undervurdert.

– Eg trur mange ikkje veit kva kompetanse dei faktisk har og difor ender opp med å bruke anna personale på oppgåver portørane like gjerne kunne ha gjort. Ein treng jo berre skumme fagplanen til portørfagbrevet for å sjå kor brei kompetansen deira faktisk er, seier han.

Fagforbundet ga innspel

Bilete av Orinta Rui, ein av tre masterstudentar som har undersøkt bruken av portørar ved to sjukehus i OUS
Orinta Rui, ein av tre masterstudentar som har undersøkt bruken av portørar ved to sjukehus i OUS (Foto: Privat)

Dei tre masterstudentane som skreiv rapporten, Orinta Rui, Veronica Benini og Sanne Rocks, inviterte Fagforbundet på innspelsmøte.

– Det var viktig for oss å inkludere fagorganisasjonane for å sikre at alle rørte partar vert høyrd, seier Rui.

Ho peikar på at fagforeiningane kan gi viktig innsikt i kva behov og bekymringar dei tilsette har, noko som er viktig for å kunne finne løysingar som faktisk let seg gjennomføre og som vil bli tatt godt imot.

– Me lærte utruleg mykje av desse møta og er takksame for det store engasjementet rundt problemstillinga, seier ho.

Treng betre IT-verktøy

Rapporten er tydeleg på at tida er overmoden for å byte ut programmet portørtenesta brukar, PortørCom. Studentane går så langt som å skrive at programmet «kan indirekte truge helsa til pasientane», og at mange misforståelsar kunne vore unngått om ein hadde hatt betre verktøy.

OUS jobbar med å gå over til eit nytt system for portørane.

– Det er eit digitaliseringsetterslep mange stader i helsetenesta, men me veit at mange jobbar godt med dette no. Det som er viktigast for oss er at ein har god involvering av dei tilsette når ein skal lage og ta i bruk nye system, uttaler Sporsheim.

God kommunikasjon og godt samarbeid er nøkkelen

– Det viktigaste å ta med seg i framtidig arbeid er betydninga av god kommunikasjon og samarbeid mellom ulike avdelingar og yrkesgrupper, seier Rui.

Ho meiner at regelmessige møter og klart definerte roller og ansvar er naudsynt for å byggje tillit og få til ein effektiv arbeidsflyt.

– Det er òg avgjerande å kontinuerleg evaluere og justere arbeidsprosessar basert på tilbakemeldingar frå tilsette for å sikre at forbetringane blir implementert på ein måte som gagnar både pasientane og personalet, seier ho.

Ho peikar på at det er ein del kulturmønster på sjukehusa kor arbeid og roller har vore det same over lang tid, og at ein for å gi best mogleg omsorg til pasientane må bryte desse mønstera.

– Ein må bygge tillit mellom sjukepleiarar, portørar og alt helsepersonell. Med den komande eldrebølga vil behovet for effektivitet og samarbeid berre auke, og det er difor kritisk at me kjem i gang med nye løysingar, avsluttar ho.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?