Til hovedinnhold

Reisebrev frå yrkes-VM i Lyon

– Det er noko spesielt som skjer når den norske deltakaren, Emma Straub, skal hjelpe nokon. Ho gjer det med ein varme, og ro, skriver Eskild Hustvedt

– Det er noko spesielt som skjer når den norske deltakaren, Emma Straub, skal hjelpe nokon. Ho gjer det med ein varme, og ro, skriver Eskild Hustvedt (Foto: Ingvar Skjerve)

Lurer du på korleis det er å vere på yrkes-VM? Eskild Hustvedt gir eit innblikk.

24.09.2024 av Eskild Hustvedt, rådgjevar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet
Sist oppdatert: 25.09.2024

Eg er så heldig å få reise til Lyon for årets store høgdepunkt: yrkes-VM. Det er ei fantastisk konkurranse kor dei aller beste unge fagfolka innan forskjellege fag konkurrerer om verdsmeistertittelen. Yrkes-VM får diverre lite merksemd her heime, noko eg synst er veldig synd. Dette reisebrevet er eit lite bidrag til å endre dette.

Emma Straub, helsefagarbeidar på yrkeslandslaget
Emma Straub, helsefagarbeidar på yrkeslandslaget (Foto: WorldSkills Norway)

Nivået i desse konkurransane er svimlande høgt. Me i yrkesseksjon helse og sosial fylgjer spesielt med på Emma Straub som konkurrerer i helsearbeidarfaget. Eg er sjølv både hjelpepleiar og sjukepleiar, og kjenner eg at eg vart stolt av eiga yrke når eg ser Emma konkurrere.

Fyrste konkurransedag

Etter opningssermoni i går er me klare til fyrste konkurransedag. Me møter opp kl. 10, og då har Emma allereie hatt ein skriveoppgåve og er klar til fyrste praktiske oppgåve. Me får ikkje vite kva oppgåva er, det er det berre dommarane og utøvaren som veit. Ho er på ein sjukeheim, det ligg ein mann i senga. Emma skal få hjelpt han opp, hjelpe til med medisin og gi han informasjon/motivere.

Det er noko spesielt som skjer når Emma skal hjelpe nokon. Ho gjer det med ein varme, og ro. Eller, me ser kvartfall ikkje at Emma er stressa, sjølv om det kanskje er nervar på innsida.

Oppgåva er ferdig. Pasienten har fått hjelp, og Emma gjorde ein kjempejobb.

Dag to

Andrea i gang med ei oppgåve på yrkes-VM i Lyon
Andrea i gang med ei oppgåve på yrkes-VM i Lyon (Foto: WorldSkills Norway)

Eg stil meg opp med frisørane, og ser på norske Andrea Smeby. Eg veit ikkje korleis ho får det til. Dette er kunst. Samstundes er det så leikande og så uanstrengt når ho jobbar.

Oppgåvene til Emma er i heimesjukepleia i dag. På tredje oppgåve oppstår ei (planlagt) uventa situasjon. Pasienten søler kokande vatn på seg sjølv, og Emma må respondere kjapt. Ho hjelper pasienten bort til vasken og set i gang med å skyle, og går til sekken sin for å finne fyrstehjelpsutstyr. Det ser ut til å gå bra. Det er ikkje hòl på huda, og ikkje blemmer. Emma bandasjerer pasienten, og går vidare med oppgåva. Godt gjennomført.

Eg ser på nokre av dei andre konkurrentane. Nivået er høgt, men eg trur Emma ligg eit hakk over dei fleste. Likevel, trass alle våre kulturelle og språklege forskjellar, så er god omsorg stort sett det same. Her er Noreg og Danmark, ja, men òg Sør-Afrika, Brasil, Kina og mange fleire. Alle utfører jobben med omsorg og profesjonalitet, men med nokre særeigne ting. Emma er meir nær pasienten, meir mellommenneskeleg, enn mange av konkurrentane.

På sluten av dagen får eg lov til å prate med Andrea, frisøren eg så på tidlegare på dagen. Eg kjenner at eg nesten vert litt starstruck når eg skal prate med ho, men me har ein fin samtale, og eg får skrevet ein artikkel om ho til Fagforbundet si nettside.

Nest siste konkurransedag

I dag har me berekna litt trongt med tid, men me klarar heldigvis å kome oss til arenaen før ho startar. I dag er oppgåvene om arbeid på poliklinikk.

Det slår meg kor brei kompetanse utøvarane i helsefag må ha. Sjølv er eg i hovudsak brukbar innan kreftomsorga, og kunne definitivt ikkje snu meg frå sjukeheim, til heimesjukepleie og så til poliklinikk, heilt utan vidare, og med pasientar med totalt ulike diagnosar.

Oppgåve to i dag let Emma vise sin store styrke: omsorg. Ho møter ein tidlegare rusmisbrukar som slit med angst og som har gjennomgått ein infeksjon og difor treng rettleiing på pusteteknikkar. Med stor ro møter ho pasienten der ho er. Forklarar nøye, og gir ho tid til å roe seg. Applausen er stor når Emma er ferdig.

Muhammed Abualzir (t.v.), den Palestinske teamledaren, og Mahdy Abusarhan (t.h.), den Palestinske utøvaren.
Muhammed Abualzir (t.v.), den Palestinske teamledaren, og Mahdy Abusarhan (t.h.), den Palestinske utøvaren. (Foto: Eskild Hustvedt)

I lunsjpausen møter eg det Palestinske laget saman med kollega Ingvar Skjerve. Deira veg til yrkes-VM er heilt annleis enn vår. Vegen var full av hindringar, både reint praktisk med reise, men òg med å få ressursar til at deira utøvar, Mahdy Abusarhan, skulle få øve. Det gir store inntrykk. Men aller mest vert eg glad. Dei kom seg til VM og konkurrerer på lik linje med alle andre. Eg stod ei stund og så på Mahdy jobbe, og der er han fyrst og fremst ein ekstremt dyktig fagperson som kjempar om VM-medalje.

Siste konkurransedag

I kveld er det «norsk aften», kor alle dei norske utøvarane, trenarane, støttespelarane mfl. vert samla til ein middag saman. Men aller fyrst står ein dag med oppgåver igjen for Emma. I dag er det sjukehus.

Emma er i sitt ess når ho får møte ein man som nett har fått ein stomi på eit menneskeleg plan. Han slit med situasjonen sin. Ho knotar litt med sjølve prosedyren, men kjem seg gjennom alt og går ikkje over tida. Oppgåvene er ferdig for no. Folk står i kø for å klemme Emma og gratulere med vel gjennomført VM.

Den norske heiagjengen på helsefagarbeidar-VM
Den norske heiagjengen på helsefagarbeidar-VM (Foto: Fagforbundet)

Sundag - avslutningssermoni

Etter å ha sett så mykje dyktig ungdom konkurrere i fire dagar kan eg ikkje anna enn å vere positiv for framtida. Det er lett i ei tid med krig, økonomisk uro og veksande klimaendringar å bli pessimistisk. Krisene står liksom i kø for tida. Men når eg ser kven som er framtida ser ting litt lysare ut. Kvartfall nett no.

Me drar til avsluttningsseremonien. WorldSkills har verkeleg slått på stortromma og arrangerer sermonien på OL-stadion i Lyon. Det er eit imponerande show dei køyrer, eit som er innsatsen til utøvarane verdig.

Fyrst får dei to norske utøvarane i «mekatronikkfaget» medalje for utmerka prestasjon. Så kjem gruppa med «sosiale og personlege tenester». Fyrst kjem frisør. Ingen medalje. Eg skal ikkje påstå at eg forstår meg så veldig mykje på faget, men eg vert utruleg imponert når eg såg Andrea konkurrere. Eg kan ikkje tenkje meg anna enn at nivået må vere skyhøgt for at det ikkje blei medalje på ho.

Så kjem me til helsefag. Noreg vert ikkje ropt opp. Ingen pallplassering altså. Kanskje medalje for utmerka prestasjon? Nei, ikkje der heller. Eg er litt skuffa. Ikkje av innsatsen til Emma, ho er og blir min store helt. Men at ho ikkje fekk den anerkjenninga eg synst ho fortener.

Det er litt bittersøtt når seremonien er over. Det blei med medalje i det eine faget for Noreg sin del.

Over for no

Ei veke på yrkes-VM er over. Det er mest to ting eg sit igjen med. For det fyrste djup respekt for alle utøvarane, og då særleg det norske yrkeslandslaget. Dei er heilt i startgropa av sin yrkeskarriere men har allereie oppnådd mykje. For det andre ein viss frustrasjon om at dei ikkje får merksemda dei fortener. Under OL kan ein ikkje gå på ei einaste nettavis utan å få 10 artiklar opp. Det burde det vere om desse her òg. Dei er faktisk framtida.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?