Stopp kommersialiseringa av velferdstenestene
Fagforbundet er fornøgd med konklusjonane til Støstad-utvalet, som viser at det er mogleg å avkommersialisere dei offentleg finansierte velferdstenestene. Landsstyret i Fagforbundet oppfordrar regjeringa til å følge opp konklusjonane og redusere bruken av kommersielle aktørar.
18.09.2024
av
Uttalelse fra Fagforbundets landsstyre, 19. september
Sist oppdatert: 25.09.2024
Fagforbundet meiner at vi i framtida skal gi meir velferd og endå betre tenester. Gode og trygge arbeidsplassar, heilskaplege tenester til innbyggarane, demokratisk styring og samfunnsøkonomisk effektivitet er viktig for at vi skal klare dette. Derfor stør Fagforbundet regjeringa i at grunnleggande velferdstenester ikkje skal bli kommersialiserte, slik dei skriv i Hurdalsplattforma. Vi er samde med målet til regjeringa om å «kraftig redusere omfanget» av kommersielle aktørar i velferdstenestene.
I NOU 2024:17, «Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester», viser Støstad-utvalet tydeleg at det er mogleg å fase ut kommersielle aktørar – og dei forklarar korleis dette kan gjerast. Men, det krev politisk ønske og vilje. Det betyr at stortingsvalet neste år, blir eit velferdsval.
Gjennomgangen frå ekspertutvalet bekreftar bekymringa vi har for at kommersialisering går ut over lønns-, pensjons- og arbeidsvilkåra til medlemmane våre. I tillegg viser utvalet at kvalitet er vanskeleg å måle, at brukarval ikkje alltid er eit gode og at kommersialisering kan bidra til eit todelt velferdssystem og auka ulikskap mellom folk. Fagforbundet meiner utvalet har gjort ein god jobb med å vise korleis ein kan styrke offentlege og ideelle tenesteleverandørar. Utvalet syner også korleis ein kan tydeleggjere forskjellen mellom ideelle og kommersielle aktørar, og å sikre offentleg innsyn og kontroll med leverandørar.
Regjeringa er allereie i gang med å bygge opp offentleg kapasitet og skjerpe reglane for kommersielle aktørar i velferdstenestene. Dette gjeld blant anna i barnehagesektoren, der det er stort innslag av private eigarar. Fagforbundet forventar at det blir tatt grep som sikrar at offentlege middel blir nytta til eit godt barnehagetilbod, ikkje til utbytte og profitt. Erfaringar har vist at dette føreset stramme reguleringar, blant anna knytt til disponering av eigedommar.
Fagforbundet er bekymra over at mange borgarleg styrte kommunar legg opp til privatisering av velferdstenester. Det er no rundt tretti ulike privatiseringsprosessar på gang innan helse- og omsorgstenestene i norske kommunar. Dette er etter Fagforbundets meining feil medisin.
Norge står framfor ei alvorleg bemanningskrise, ikkje minst i helse- og oppvekstsektorane. Privatisering av tenester vil gjera det vanskelegare å skaffe arbeidskrafta vi treng, i tillegg til at det vil svekke lønns-, pensjons- og arbeidsvilkåra til dei tilsette. Fagforbundet meiner at vi tvert om må satse på å skape gode tenester og arbeidsplassar. Tillit og fag må ligge til grunn, saman med trepartssamarbeid og medbestemming. Dette står i motsetting til oppsplitting, konkurranse og kommersialisering.