Ny vidareutdanning i intensivpleie for helsefagarbeidarar
Hausten 2024 startar Fagskulen i Viken opp med ein ny studieretning i intensivpleie for helsefagarbeidarar. Fagforbundet gratulerer!
04.12.2023
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.09.2024
Leiar i Yrkesseksjon helse og sosial og medlem i Helsepersonellkommisjonen, Iren Luther er veldig begeistra for tiltaket.
– I rapporten frå helsepersonellkommisjonen «Tid for handling», peiker me på ulike utfordringar i samband med drift og utvikling av helsevesenet i åra som kjem. Mangel på intensivsjukepleiarar er ein av desse, ettersom me treng å auka intensivkapasiteten. Difor er det veldig bra at de kjem utdanningar som kan auke intensivkompetansen hjå andre yrkesgrupper, seier Luther
Samarbeid med sjukehus, helseføretak og Fagforbundet
Utdanninga er utvikla i tett samarbeid mellom intensivavdelinga på Sjukehuset Østfold Kalnes og Fagskolen i Viken. Ho rettar seg inn mot helsefagarbeidar som vil å arbeide med akutt og kritisk sjuke pasientar. I åra som kjem vil oppgåvedeling stå sentralt, og utdanninga kan sikra at det finst fleire som kan bidra i behandlinga av denne gruppa pasientar. Det vil og gi helsefagarbeidarar endå ein sjanse til å auka kompetansen sin og utvikle seg som yrkesutøvarar, og bidra til at vært enno meir attraktivt å være helsefagarbeidar.
I tillegg til Sjukehuset Østfold har alle dei fire helseregionane og Fagforbundet vore med og utvikla studiet. Akershus universitetssjukehus HF, Vestre Viken HF, Sjukehuset Innlandet, Universitetssjukehuset Nord-Norge HF, Haukeland universitetssjukehus, Sørlandet sjukehus og Fagforbundet har vore med på å utvikla og sikra kvaliteten på studiet.
Studiet er nettbasert med samlingar som gjennomførast på deltid over to skuleår.
Mogleg å søke frå våren
Studiet vart godkjend av styret i Fagskolen i Viken måndag 4. desember. Planlagt oppstart er haust 2024, ved studiestad Fredrikstad. Du kan søka på studiet gjennom Samordna opptak, som opnar 1. februar. Du kan lese meir om utdanninga på Fagskulen i Viken sine nettsider.