Til hovedinnhold

Jublar for pengar til yrkesmeisterskapa!

Nestleder i Yrkesseksjon helse og sosial og styremedlem i WorldSkills Norge, Helge Sporsheim.

Nestleder i Yrkesseksjon helse og sosial og styremedlem i WorldSkills Norge, Helge Sporsheim. (Foto: Werner Juvik)

WorldSkills Norway er foreslått bevilga 4,3 mil. I 2025 i regjeringas forslag til statsbudsjett.

07.10.2024 av Ingvar Skjerve, Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 07.10.2024

– Det kjem i akkurat riktig tid, seier nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial og styremedlem i WorldSkills, Helge Sporsheim. 

WorldSkills Norway er organisasjonen som er ansvarleg for å driva yrkessmeisterskap og Yrkeslandslaget. Blir regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vedteke får dei ei solid auke i overføringane sine for 2025.

I forslaget ligg eit tilskot til WorldSkills Norway på 12,9 mill. kroner over tre år frå hausten 2024, med atterhald om Stortingets løyvingsvedtak. Tilskotet utgjer 4,3 mill. kroner i 2025.

– Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er den fyste kunnskapsministeren på lenge som verkar som ho skjønner kor viktig dette er. Me må tilbake til Kristin Halvorsen for å finna betre, seier Sporsheim.

Han meiner at dette no vil kunne gi arbeidsro til å jobbe skikkeleg framover.

– Det gjev oss mellom anna rom til å få til ordentlege skulemeisterskap, seier Sporsheim.

No gler han seg til fleire meisterskap i 2025.

– No vert det jo Noregsmeisterskap i Førde i April, og så er det europameisterskap i Danmark neste haust.  

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?