Til hovedinnhold

Gjør kloke valg – saman om ei sunnare helseteneste

Tegninger av helsepersonell av forskjellige yrker står på rekke over teksten sammen gjør vi kloke valg

– Våre medlemmar er opptekne av å yte best mogleg helsehjelp til pasientane, seier Iren Luther (Foto: Gjør kloke valg)

Kampanjen «Gjør kloke valg» har som mål å redusere overbehandling i helsetenesta. Fagforbundet er eit av forbunda som har sluta seg til kampanjen.

15.10.2024 av Eskild Hustvedt/Gjør kloke valg
Sist oppdatert: 15.10.2024

– Våre medlemmar er opptekne av å yte best mogleg helsehjelp til pasientane. Ein del av dette er å unngå å gjere ting som pasientane ikkje har nytte av, og som i verste fall kan skade dei, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Kampanjen vart starta av den norske legeforeining i 2018, og er sidan den gang utvida til totalt 13 foreiningar, mellom anna Fagforbundet.

– Dette er eit viktig arbeid som me ynskjer å bidra til. Samstundes er det òg viktig at våre medlemmar er med på å påverke og utvikle kampanjen, seier Luther.

«Gjør kloke valg» baserer seg på at det er fagmiljøa sjølv som kjem med råd om undersøkingar og behandlingar som ikkje er naudsynte. Alle anbefalingane er kunnskapsbaserte, og har vore på høyring hos dei ulike faggruppene.

– Helsetenesta er under press og det er viktig å bruke de ressursane man har på behandlingar som faktisk har effekt, framfor de som beviseleg ikkje har effekt og gir unaudsynte biverknadar, seier Ketil Størdal, talsperson for Gjør kloke valg og barnelege og professor ved UiO.

Alle kan bidra

Luther oppmodar alle som jobbar i helsetenesta til å vere nysgjerrige og å setje seg inn i relevante anbefalingar.

– Me må tørre å stille spørsmål ved det me driv på med, seier ho.

Slagordet til kampanjen er «meir er ikkje alltid betre». Luther er rask med å påpeike at dette ikkje handlar om å spare pengar.

– Dette handlar om å få betre tenester, ved å gjere det som er rett og som faktisk vil hjelpe pasientane, slår ho fast.

Du kan lese meir om kampanjen, og finne anbefalingar, på klokevalg.com

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?