Økonomiseminar
Fagforbundet Voss inviterte 24.okt til seminar: Voss herad sin økonomi - og korleis skape balanse.
28.10.2024
av
Inge Skrede
Sist oppdatert: 28.10.2024
Omlag 25 møtte opp, rådmann, ordførar og heradspolitikarar og tillitsvalte og andre fekk høyre Bjørn Kr. Rudaa, spesialrådgjevar i Omstillingseinheita i Fagforbundet, forfattar av fleire bøker og etterspurd føredragshaldar om kommuneøkonomi. Rudaa la fram ein økonomisk analyse basert på tal frå Voss herad sine rekneskap, rapportar og økonomiplan. Han presenterte ein grundig og interessant gjennomgang, som engasjerte tilhøyrarane, og skapte diskusjon.
Takk for oppmøtet og til Bjørn Kr. Rudaa som tok turen til Voss.