Til hovedinnhold

Faglig forsvarlig – oppdatert veileder for oppgavedeling

Illustrasjonsbilde av en helsefagarbeider og en sykepleier i arbeidstøy med Fagforbundets logo.

Illustrasjonsbilde av to helsepersonell i arbeidsklær med Fagforbundets logo (Foto: Emilie Storli)

– Me håpar den oppdaterte rettleiaren vil vere til hjelp for tillitsvalde, leiarar og tilsette i arbeidet med oppgåvedeling, seier Fagforbundets Iren Luther

03.12.2024
Sist oppdatert: 03.12.2024

3. desember 2024 lanserte Fagforbundet versjon 2.0 av «Faglig forsvarlig» (PDF), Fagforbundets rettleiar for oppgåvedeling og kompetanseplanlegging i helsetenesta.

– Framtidas helsetenester er avhengige av at me lukkast med oppgåvedeling, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Luther sat òg i Helsepersonellkommisjonen, som peikar ut oppgåvedeling som eit viktig satsingsområde.

Mykje godt arbeid

– Det blir gjort veldig mykje godt arbeid med oppgåvedeling ute i tenestene. Denne rettleiaren er meint til å bidra til dette arbeidet, seier Luther.

Ho peikar mellom anna på KS-prosjektet Tørn-kommune som eit godt døme på korleis ein gjennom partsarbeid kan lukkast med å få til betre oppgåvedeling.

– Me har òg mange gode eksempel frå spesialisthelsetenesta, seier Luther og visar til to rapportar som Fagforbundet har laga i samarbeid med mellom anna arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.

Fritt tilgjengeleg

Rettleiaren er fritt tilgjengeleg for alle, last den ned her (PDF).

Den er tilgjengeleg under ein Creative Commons-lisens, og kan fritt kopierast, redistribuerast, brukast og endrast under visse vilkår (sjå s.2 i dokumentet).

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?