Foreslår enklare informasjonsdeling i helsetenesta
Regjeringa har lagt fram forslag til fleire endringar i teieplikta, mellom anna for å gjere det enklare for helsepersonell å innhente opplysningar. Fagforbundet er positive.
10.01.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 10.01.2025
Forslaget inneber at helsepersonell sjølv kan få direkte tilgang til opplysningar som ligg lagra hos eit anna føretak, som til dømes hos eit anna sjukehus eller hos kommunen.
– Dette er svært etterlengta. Våre medlemmar bruker mykje tid på å innhente naudsynte opplysningar – tid som kunne vore brukt til noko anna, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Forbundet har levert eit høyringssvar, og er i all hovudsak positive til dei føreslegne endringane.
– Ein skal alltid vere forsiktig med å gjere endringar i teieplikta. Den er eit av våre viktigaste verktøy, og skal sikre tilliten til helsetenesta, seier Luther.
Ho meiner at forslaget frå departementet tek vare på intensjonen bak teieplikta.
– Pasientane kan vere trygge på at opplysningar dei gir til helsepersonell ikkje blir gitt til uvedkommande. Samstundes sikrar ein her at informasjon flyt betre mellom tenestene og gjer at helsepersonell kan danne seg eit heilskapleg bilete utan at ein må gjenta seg sjølv heile tida. Dette trur eg alle vil tene på, meiner Luther.
Fleire endringar
I tillegg til å leggje til rette for digital informasjonsutveksling, er det fleire andre endringar i same forslag. Eit av dei er å fjerne eit føresegn som seier at alle som mottek informasjon som er dekka av teieplikta har same teieplikt som helsepersonell.
– Dette inneber i utgangspunktet opplysningar som vert gitt vidare ved direkte samtykke frå pasienten. Det er inga frislepp av helseopplysningar, og me tenkjer difor at denne endringa er uproblematisk, men me føreset at dei lagar godt informasjonsmateriell for både pasientar og helsepersonell som forklarar kva det eigentleg betyr, seier Luther.
Ein tydeleggjer òg høvet til å dele informasjon i eit arbeidsfellesskap. Det har tidlegare berre gjeldt legar og tannlegar.
– Det er klart at alle har behov for å lære av andre sine erfaringar, at lova no formelt anerkjenner at dette òg gjeld for andre enn legar er positivt, avsluttar Luther.
Du kan lese heile høyringssvaret til Fagforbundet her [pdf]. På regjeringen.no finn du forslaget til regjeringa.