Nye lyd- og videoretningsliner legg vekt på helsepersonell sine rettar
Helsedirektoratet har publisert nytt rundskriv om bilete-, film- og lydopptak i helsetenesta. – Vi er glade for at dei har høyrd på oss og våre medlemmar, seier Fagforbundets Iren Luther.
04.02.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 04.02.2025
Når rundskrivet vart sendt på høyring var Fagforbundet skeptiske. Helsedirektoratet har gjort store endringar, og det er difor eit heilt anna rundskriv som blir sendt ut.
– Dette er ein siger for Fagforbundet. Det er viktig for oss at alle i helsetenesta har eit forsvarleg arbeidsmiljø. Bilete-, film-, og lydopptak utan samtykke utfordrar dette. Vi er difor glade for at det nye rundskrivet tillegg dette stor vekt, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Ho meiner at eit forsvarleg arbeidsmiljø òg er ein føresetnad for å kunne levere forsvarlege helsetenester.
– Det er heilt klart at arbeidsmiljøet påverkar tenestene. Viss helsepersonell vegrar seg for å snakke ope med pasientane blir jo kvaliteten dårlegare. Alle er tent med at helsepersonell kjenn seg trygge, seier Luther.
Det nye rundskrivet seier mellom anna at plikta til å levere tenester kan bortfalla om bruken av bilete-, film- og lydopptak utan samtykke er så omfattande at den går ut over høvet til å gi forsvarlege tenester og å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø.
– Helsepersonell skal vere trygge på jobb, òg når det kjem til eiga personvern, slår Luther fast.
Framleis utfordringar med videoovervaking
Sjølv om det nye rundskrivet er mykje tydelegare på retten til eit forsvarleg arbeidsmiljø er det framleis litt utydeleg kor grensene for m.a. videoovervaking i heimen går.
– Me meiner jo at viss videoovervakinga blir opplevd ubehageleg for helsepersonellet så må det avsluttast. Eg opplev òg at dei nye retningslinene gir eit betre grunnlag for å få dette gjennom, seier Luther.
Ho ser likevel at dette framleis kan vere eit problem, særleg sidan Datatilsynets rettleiar for videoovervaking ikkje går like djupt inn i dei tilsette sitt personvern.
– Dette er kompliserte avvegingar og spørsmål for alle involverte. Difor er det gledeleg med eit spissa rundskriv frå Helsedirektoratet som tek såpass tydeleg omsyn til dei tilsette sitt personvern og rett til å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø, seier Luther.
Tillitsvalde skal med
Rundskrivet legg opp til at dei lokale verksemdene no skal lage lokale rutinar, med utgangspunkt i rundskrivet.
– Her skal sjølvsagt både tillitsvalde og verneteneste vere med, og det er gledeleg at rundskrivet òg påpeiker dette, avsluttar ei nøgd Iren Luther.