Historisk gode søkjartal på yrkesfag
– Dette er fantastiske nyheiter! Noreg treng fleire dyktige fagfolk, seier Iren Luther i Fagforbundet.
20.03.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.03.2025
I 2025 har 54 prosent av søkjarane yrkesfag på fyrste plass. Det er ei auke på eit prosentpoeng frå 2024, og fire prosentpoeng dei siste fem åra.
– Det ser ut til at me endeleg har lukkast med å auke interessa for yrkesfag, seier Luther.
I følgje Statistisk sentralbyrå kan Noreg mangle 85 000 fagarbeidarar i 2035.
– Dette er eit urovekkjande tal. Arbeidslivet skrik etter kompetent arbeidskraft. Difor er det gledeleg at regjeringa satsar på yrkesfaga, seier ho.
Yrkesfag er inga blindveg
– Eg har inntrykk av at fleire tidlegare har tenkt at å ta yrkesfag er ein slags karrieremessig blindveg. Desse tala tyder på at me har lukkast med å kommunisere alle moglegheitene for vidareutvikling som finst for folk med yrkeskompetanse, seier Luther.
Fagforbundet har lenge meint at ein må styrke satsinga på fagskulane.
– Fagskulane lagar utruleg gode praksisnære utdanningar i tett samarbeid med praksisfeltet, meiner Luther.
Ho peikar mellom anna på fagskulemeldinga som regjeringa nett har lagt fram, som vil styrke fagskulane enno meir.
– No når fagskulane får tilby utdanningar på same nivå som bachelor- og master er det klart at dette opnar for mange spennande vidareutdanningsmoglegheiter i åra framover. Eg gler meg veldig til å sjå utviklinga i åra framover, og Fagforbundet står klar til å bidra, seier ho.
Helse- og oppvekstfag tilbake på 2022-nivå
– Eg er spesielt glad for å sjå at tala på søkjarar til helse- og oppvekstfag aukar enno meir i år. Helsetenesta har eit stort behov for fagfolk i åra som kjem, seier Luther.
Ho sat òg i Helsepersonellkommisjonen, som la stor vekt på at helsetenesta må satse meir på fagarbeidarar.
– Dette er heilt klart ein del av løysinga. Me må få fleire fagarbeidarar i helsetenesta, og me må fortsetje arbeidet med å byggje ned barrierar som hindrar dei i å nytte kompetansen sin fullt ut, seier ho.
Fagforbundet meiner at betre oppgåvedeling er ei viktig del av løysinga. Der meiner Luther at ein er på god veg.
– Det skjer utruleg mykje bra ute i tenestene, no. Ein byrjar å få opp augne for den fantastiske ressursen fagarbeidaren er, og det trur eg ungdom som vel yrke får med seg, avsluttar ho.