Nye yrkesseksjonsleiarar i fylka
Det har vore val i fylka, og me har gleda av å ynskje nye leiarar i yrkesseksjon helse og sosial i Møre og Romsdal, Innlandet, Rogaland og Troms velkomen.
08.04.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 08.04.2025
Møre og Romsdal har vald Wenche Hol, som tek over for Bente Sundalsfoll. Wenche er utdanna helsefagarbeidar, og har lang erfaring frå mellom anna heimesjukepleia, og barn med ulike utfordringar. Ho har i tillegg jobba mykje med respiratorpasientar. Ho er heller ikkje ukjend for å ta på seg verv, og er både leiar i Fagforbundet Molde, og opplæringsansvarleg.
I Innlandet er helsefagarbeidar Jørn Steinbakk vald som leiar for yrkesseksjon helse og sosial. Han tek over for Else Karin Jacobsen. Jørn har mellom anna jobba 16 år i akuttpsykiatrien, på Sanderud sjukehus. Han har lang erfaring frå organisasjonen, og har hatt verv som plasstillitsvald og hovudtillitsvald, og er rettleiar for Fagforbundets tillitsvaldopplæring på trinn 3 og 4.
I Rogaland tek Heidi Underhaug over for Torill Herigstad. Heidi utdanna seg til sjukepleiar i vaksen alder, og har jobba i ein institusjon for personar som slit med psykiske helseutfordringar og rus. Sidan 2022 har ho vore 100% frikjøpt hovudtillitsvald, noko ho fortset med i 40% no, kombinert med vervet som yrkesseksjonsleiar.
I Troms tek Julie Tendvall over for Brynhild Svendsen. Julie er helsefagarbeidar, og har erfaring frå både avlastingsbustad, heimetenesta og sjukeheim, sistnemnde både innan demensomsorga og vanleg sengepost. For tida jobbar ho i omsorgsbustad for unge med funksjonsnedsettingar.
Hjarteleg velkomen, og takk!
– På vegne av yrkesseksjonen nasjonalt vil eg ynskje alle dei nye tillitsvalde hjarteleg velkomen i vervet, og eg gler meg til tett samarbeid i tida framover, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial nasjonalt.
Til dei som no går av sender ho ein stor takk:
– Det har vore ei glede å samarbeide med dykk, og eg vil takke kvar og ein for det gode arbeidet dykk har gjort for forbundet, avsluttar ho.