Sterilforsyningsteknikar: – Hektisk, variert og meiningsfult
I høve sterilforsyningsdagen, 10. april, har me snakka med Lise Naustdal, Fagforbundet-medlem og sterilforsyningsteknikar ved Haukeland universitetssjukehus.
09.04.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 09.04.2025
Sterilforsyningsteknikarar er lite kjend utanfor fagmiljøa, men jobben deira er bokstaveleg talt livsviktig.
– Me gjer mykje forskjellig, men kort fortalt er hovudoppgåva vår å vaske, sterilisere og pakke kirurgisk utstyr, seier Lise Naustdal.
Lise er sterilforsyningsteknikar på Haukeland universitetssjukehus, Fagforbundet-medlem og verneombod.
Varierte oppgåver
– Det fine med denne jobben er at den er så variert. Det er hektiske dagar kor mykje skjer, men det er gøy å jobbe med, seier ho.
Ein finn sterilforsyningsteknikarane mange stader på sjukehuset.
– Somme jobbar direkte ute på avdelingane, til dømes på operasjonsavdelinga, og andre, som meg jobbar på sterilsentralen. Der tek me imot utstyr frå heile sjukehuset, fortset Lise.
Kor ein jobbar bestemmer til ein viss grad kva oppgåver ein har.
– Det kan vere alt frå å fylle på utstyr til operasjonar og vaske operasjonsstover, til å reingjere utstyr både manuelt og i maskin, og å utføre sterilisering. I tillegg er det alltid lagerhandtering - logistikk er òg ein viktig del av jobben, seier ho.
Det handlar om sikkerheit
Sterilforsyningsteknikarane samarbeider tett med operasjonssjukepleiarane.
– Me passar på at det rette utstyret er tilgjengeleg når ein treng det, og at det er sterilt sånn at det er trygt å bruke. Det viktigaste med jobben til ein sterilforsyningsteknikar er å passe på pasientsikkerheita, seier ho.
Ho synst det er ein meiningsfull jobb, som kanskje ikkje alltid får den merksemda ein fortener.
– Difor er det så fint at me har fått ein eigen dag, 10. april. Då får me synleggjort alle dei dyktige kollegane mine – og kanskje me kan inspirere unge som lurar på kva dei skal drive med til å bli sterilforsyningsteknikar, avsluttar ho.