Mekling i NHO-oppgjeret startar 9. april
Fristen for meklinga i NHO-oppgjeret gjekk ut ved midnatt. LO og NHO held no fram på overtid. Arbeidstakarene skal gå på jobb som vanleg så lenge meklinga ikkje er over. Det kjem meir info så snart det føreligg.
11.04.2021
av
Informasjonsavdelinga
Sist oppdatert: 11.04.2021
Siste: Lønnsmekling over 12 timer på overtid – bevegelse mellom partene (nrk.no 11.04.21)
Aktuelle fagforeiningar i Fagforbundet har fått melding om at dei må vere klare til eventuell streik frå arbeidstida si byrjing søndag 11. april.
LO har varsla plassoppseiing for 179.002 medlemmar og YS har gjort det same for drygt 15.000 medlemmar.
Fagforbundet førebur konflikt
Fagforbundet(via EL og IT-forbundet, Fellesforbundet og LO-Stat) har meldt plassfråtredelse for begge bussbransjeavtalane, NHO 501 og Spekter 066 samt Energiovereinskomsten NHO 330. Det er ikkje tatt ut medlemmar på funksjonæravtalen i Spekter 091 eller andre område førebels. Totalt er det meldt fråtredelse på 858 medlemmer frå Fagforbundet.
For begge bussbransjeavtalane er alle medlemane tatt ut i ein eventuelt fyrste fase. For Energiovereinskomsten gjeld fyrste uttaket medlemmar i Lede AS tilhøyrande Fagforbundet avd. 070 Larvik.
Meklinga er i gang (lo.no 9.4.21)
Fristen nærmer seg: Nå forbereder Fagforbundet seg på ny streik (fagbladet.no 8.4.21)