Til hovedinnhold

For mange tilsette per leiar i sjukeheim

Iren Luther (t.h.) meiner at leiing som fag må få høgare prioritet. Her saman med nestleiar Helge Sporsheim (t.v.).

Iren Luther (t.h.) meiner at leiing som fag må få høgare prioritet. Her saman med nestleiar Helge Sporsheim (t.v.). (Foto: Werner Juvik)

Ny rapport viser at leiarar kan ha personalansvar for opptil 146 tilsette. – Dette er alt for mange, vi treng leiarar med tid til å følgje opp dei tilsette, seier Iren Luther i Fagforbundet.

03.07.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 03.07.2024

Rapporten (PDF) visar at leiarspennet kan vere alt frå 12 til heile 146 tilsette per leiar. Snittet er på 39 tilsette per leiar.

– Sjølv 39 personar er for mykje. Om ein skal klare å følgje opp alt frå sjukefråvær til avvikshandtering er det ikkje nok timar i døgnet til å få gjort alt. Og, altså, 146 tilsette på ein leiar er jo heilt hinsides – det burde rett og slett ikkje gå an, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Ho meiner det blir satsa for lite på leiarane i helsetenestene.

– Det er klart at vi treng fleire, men me treng òg at dei blir satsa på. Leiing er eit fag. Skal du vere ein god leiar må du ha kompetanse, seier ho.

Viktig med godt partssamarbeid

Luther understrekar behovet for godt samarbeid med tillitsvalde.

– Dei tillitsvalde er ein samarbeidspartnar for leiarane. Båe partar er opptekne av å få til gode tenester, og det får me best til gjennom eit godt samarbeid, seier Luther.

Ho påpeikar at det alltid vil vere viktig med godt samarbeid mellom tillitsvalde og leiing, men at det kanskje er enno viktigare når leiarspennet er så stort.

– Dei tillitsvalde kan bidra til å fange opp sakar før dei får utvikle seg til større problem, seier ho.

Sats på fagutvikling

– Det som uroar meg spesielt når eg ser desse tala er moglegheita for å drive fagutvikling, seier Luther.

Ho meiner at eiga personell som jobbar med fagutvikling er eit godt alternativ.

– Dette er godt innarbeidd mange stader, men kan nok gjerast i enno større grad. Pleie er eit fag, og det må jobbast kontinuerleg med forbetring, og ein må henge med i utviklinga. Leiarane blir smurt veldig tynt utover viss dei skal ha ansvar for fagutvikling i tillegg til alt anna, seier Luther.

Må prioriterast

– Denne rapporten visar at tida er overmoden for ei satsing på sjukeheimane. Både på leiing og leiartettleik, men òg på fagfolka som skal jobbe der, seier Luther.

– Vi veit at behovet for fagfolk kjem til å vokse framover, samstundes som tilgangen på personell ikkje veks i same grad. Då må ein satse på folka som faktisk ynskjer å jobbe der, seier ho.

Ho etterlyser etter- og vidareutdanningstiltak, og fleire høve for personell utan formell helsefagleg kompetanse til å ta fagbrev. Ho peikar på «fagbrev på jobb» og «menn/kvinner i helse» som tiltak som det bør satsast meir på.

– Ei satsing på kompetanse er viktig for å halde kvaliteten oppe, men me veit òg at folk som får høve til å vidareutvikle seg i større grad blir verande i jobben, avsluttar ho.

Rapporten er laga av senter for omsorgsforsking på oppdrag frå Helsedirektoratet. Du kan lese den på deira nettside (PDF).

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?