Til hovedinnhold

Saman om ein betre institusjon

Surnadal kommune jobbar med heiltidskultur i Saman om ein betre kommune, og er vinnar av Arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal for 2013.

25.11.2013 av Hermann Albert
Sist oppdatert: 26.11.2013

Surnadal kommune vann Arbeidsmiljøprisen 2013. Dette er eit utdrag av grunngjevinga:

Vinnaren av Arbeidsmiljøprisen 2013 har gjennom eit systematisk og langsiktig arbeid sett arbeidstakarane sitt arbeidsmiljø på dagsorden. Det er arbeidd målretta med å behaldei arbeidskraft, trygge tilsettingsforhold, tilbod om auke i stillingsstørrelse, kompetanseheving samt omdømme og rekruttering.

Prosjektet som er starta opp ber preg av å vere ei kulturendring i verksemda. Med utgangspunkt i Lov om arbeidsmiljø har ein satsa på heiltidskultur og at flest mogeleg av arbeidsstokken skal ha faste tilsetjingar. I tillegg er desse tiltaka følgt opp med kompetanseheving av dei tilsette. Dette er tiltak som skaper tilknyting til arbeidsplassen og utgangspunkt for eit godt arbeidsmiljø.

Vinnaren har gjennom sitt prosjekt synt at demokrati på arbeidsplassen fører til eit betre arbeidsmiljø.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?