Eldre og sjølvmord
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging-region vest (RVTS Vest) inviterer til dagskonferansen.
16.01.2009
av
Hermann Albert
Sist oppdatert: 16.01.2009
”Eldre og sjølvmord”
Korleis møte
og behandle
sjølvmordsproblematikk hos eldre
19. mars
2009,
Scandic Bergen City
I førebyggande arbeid med sjølvmordsnære eldre, er det eit problem at risikofaktorane også er vanleg i den eldre befolkninga generelt. Studie viser at affektiv liding er vanlegare blant eldre over 60 år enn i resten av befolkninga (Dorpat & Ripley, 1960). Fleire studie viser at mange eldre har kun èin alvorleg affektiv episode før sjølvmordet (Conwell et al, 1994, Barraclough, 1971). Det er difor naudsynt med meir kunnskap om dei som begår sjølvmord for å kunne identifisere personar med særleg høg risiko og å setje inn hjelpetiltak i tide.
Sjå vedlagt program HER.