Gjennomslag i Nasjonal helse- og sjukehusplan!
Fagforbundet har fått gjennomslag for å få helsefagarbeidaren og helsesekretæren tilbake i sjukehusa. Det skal òg bli fleire lærlingar, og eit opplæringskontor i alle helseforetak.
12.12.2019
av
Anne-Mari Samskott
Sist oppdatert: 18.12.2019
Yrkesseksjon helse og sosial har kasta eit fyrste blikk på Nasjonal helse- og sjukehusplan, som helseministeren la fram i slutten av november. Denne vil vi jobbe meir med, men ei fyrste tilbakemelding til regionane er at vi har fått gjennomslag for yrkesgruppene våre på sjukehusa!
Yrkesseksjonen har kome med innspel til planen i fleire omgangar, særleg til kapittel 9 som handlar om kompetanse. Vi har spelt inn at helsefagarbeidaren og helsesekretæren må tilbake i sjukehusa, og at fokuset på omgjering av stillingar må snu. Desse gruppene er verdifulle ressursar i spesialisthelsetenesta. Vi har òg spelt inn at det må vere fokus på kompetanseutvikling, både for tilsette, men og når det gjeld opplæring og i lærlingeløpet. Vi vart difor glade når vi las kapittelet og fann desse klare føringane til helseforetaka om at dei skal:
- Øke antall lærlinger både i helsefag og i andre lærefag som er relevante i sykehus. Arbeidet med å øke antallet helsefagarbeiderlærlinger skal prioriteres i planperioden.
- Opprette et opplæringskontor for helsefaglærlinger og andre relevante lærefag i hvert helseforetak. Helseforetak kan samarbeide om opplæringskontorene der det er hensiktsmessig.
- At de regionale helseforetakene, under ledelse av Helse Vest RHF, skal opprette et nasjonalt kompetansedelingsprosjekt for å følge opp målet om flere lærlinger i planperioden.
- At helseforetakene skal utarbeide planer for hvordan behovet for helsefagarbeidere skal dekkes
Yrkesseksjonen skal jobbe meir med nasjonal helse- og sjukehusplan, og jobbe hardt for at helseforetaka fyl dette opp. Det er òg viktig å ta oss tid til å feire ein siger når vi kan. Så tusen takk til alle, som jobbar kvar einaste dag for å synleggjere og løfte yrkesgruppene våre, saman er vi sterke.