LO-kongressdelegat: Bjørg Solheim
(70) Leiar, sentralt pensjonistutval, på sin 1. kongress: - Vern og utvikling av velferden er svært viktig og gjeld alle. Eg er spesielt opptatt av at dei eldre skal ha ein trygg og verdig alderdom. Det betyr at pensjonsordningane må sikre det økonomiske. Eldreomsorga i kommunane må bli betre, det må byggast nok sjukeheimsplassar med meir bemanning, også legar med geriatrisk utdanning. Sjukehusa må opprette geriatriske avdelingar. Vi har også mange uførepensjonistar. Dersom uførepensjonen skal bli "lønn", er eg redd for at dei kjem dårlegare ut økonomisk enn i dag.
20.04.2009
av
Maria Wattne
Sist oppdatert: 23.04.2009