Møte med Arbeiderpartiets helsefraksjon på Stortinget
Enighet om sterkere folkevalgt styring av våre helseressurser og omlegging på flere områder når det gjelder finansiering.
12.12.2019
av
Anne-Mari Samskott
Sist oppdatert: 12.12.2019
Torsdag 5. desember deltok yrkesseksjonen ved rådgjevar Anne-Mari Samskott på Arbeiderpartiet sitt sykehuspolitiske seminar på Stortinget.
Frå Fagforbundet deltok også Hans Martin Aase, nestleiar i avdelinga for politikk og samfunn, og Sissel Skoghaug, nestleiar i Fagforbundet. Sissel Skoghaug var invitert til å halde innlegg om styring av sjukehusa, og var først på talarlista. Sissel var tydeleg på at vi treng ei justering av kurs. Tilliten må tilbake til tenestene og til dei som jobbar der.
Finansieringssystemet må endrast frå innsatsstyrt finansiering til rammefinansiering, og vi må ha tilbake folkevalde i styringa av sjukehusa. Dette var til dels Arbeidarpartiet ved Jonas Gahr Støre og helsepolitisk talsperson Ingvild Kjerkhol til dels einig i. Arbeidarpartiet ynskjer rammefinansiering av fødsel- og barselomsorgen og psykisk helsevern.
På seminaret kom det og positive signal frå Yngre legers forening. Leiaren, Kristin Kornelia Utne, var tydeleg på at legane er avhengig av andre yrkesgrupper, som helsefagarbeidarar og helsesekretærar, for å kunne gjere jobben sin. Det er òg positive signal i ny Nasjonal helse og sjukehusplan om at desse faggruppene skal få større roller i sjukehusa enn dei har hatt dei siste åra. Det er yrkesseksjonen glad for å ha fått gjennomslag for. Fagforbundet skal fortsetje arbeidet med å påvirke politikken, vi ser at det nyttar.