Veljarane sa ja til levande distrikt, offentlege tenester og klimahandling
Landsstyret til Fagforbundet er svært fornøgde med utfallet av kommune- og fylkestingsvalet. Vi er glade for at valdeltakinga auka og at vi fekk det beste frammøtet på nesten tretti år.
19.09.2019
av
Fagforbundets landsstyre
Sist oppdatert: 08.04.2021
Dette tyder på fornya interesse og engasjement i dei viktige politiske spørsmåla som blir avgjort lokalt. Samtidig oppfattar vi det òg som resultat av ei folkeleg mobilisering mot dei stadig meir synlege konsekvensane av politikken til regjeringa.
Det er gledeleg at dei fire regjeringspartia berre fekk støtte frå 36,2 prosent av veljarane. Dersom dette hadde vore eit stortingsval, ville dei raudgrøne partia, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, fått fleirtal på Stortinget. På landsbasis fekk dei raudgrøne partia, saman med Raudt og Miljøpartiet Dei grøne, ei samla oppslutning på 55,9 prosent. Det er ein klar beskjed frå norske veljarar om at dei har fått nok av sentralisering, privatisering og manglande handling i klimapolitikken. Folk på raudgrøn side har grunn til å bli inspirerte og få fornya politisk sjølvtillit av valresultatet.
For Fagforbundet og fagrørsla er det ein stor siger at veljarane vende ryggen til partia som ønsker meir privatisering og profitt i velferda. Høgrepartia, NHO og dei kommersielle velferdsselskap prøvde å få valet til å bli eit gjennombrot for storkapitalen i velferda. Veljarane sa nei. Høgre og Frp blir ståande utan makt i dei fleste av kommunane og fylka, også i dei fleste av dei større byane. Fagforbundet tar for gitt at raudgrøne ordførarar, kommunestyre og fylkesting no vil stenge døra for kommersielle velferdsselskap som vil hente profitt ut av kommunekassene.
Valresultatet sikrar raudgrøn styring i dei fleste kommunane og fylka, sjølv om Ap gjekk klart tilbake i valet. Før valet oppfordra Fagforbundet dei raudgrøne partia til å finne saman, og ikkje søke makt saman med Høgre og Frp. No gler vi oss over at dette blir resultatet svært mange stader.
Landsstyret til Fagforbundet vil at den raudgrøne makta skal nyttast til å styrke velferdstenestene og trygge arbeidsforholda i Kommune-Norge. Over heile landet vil våre tillitsvalde ta initiativ til at kommunane og fylka skal:
- Styrke lokalsamfunna og betre velferdstenestene.
- Gi fleire tilsette heiltidsstillingar og etablere ein heiltidskultur.
- Gå gjennom avtalar med private velferdsselskap for å få slutt på uverdige arbeidsvilkår, som vi har sett i Aleris/Stendi-saka.
- Ta fleire tenester tilbake i kommunal drift, som for eksempel pleie- og omsorgstenester, renovasjon og tekniske tenester, vaktsmeistertenester, reinhald og barnevern.
- Auke talet på lærlingar.
- Vedta eller fornye tiltaksplanar mot sosial dumping, og følge opp planane.
- Få ned dei lokale klimautsleppa og styrke beredskapen mot klimaendringar.