Europeisk fagbevegelse gir sterk støtte til palestinarane
Det vart tøff debatt på EPSU-kongressen i Irland før Fagforbundet vann fram med si fråsegn om støtte til palestinarane. Forbunda til dei offentleg tilsette i Europa fremmar skarp kritikk av Israels okkupasjon.
05.06.2019
av
Kjell-Erik N. Kallset
Sist oppdatert: 12.06.2019
Fråsegna som var utarbeidd av tyrkisk fagrørsle og Fagforbundet skapte tøff debatt på EPSU-kongressen i Irland.
Israelsk motstand
Israelske delegatar protesterte engasjert mot fordømminga av Israel og forslaget om å avvikle handels- og assosieringsavtalen mellom EU og Israel. Dei hevda at den tyrkisk/norske fråsegna var einsidig og vart opptatt av å få fram at det er to partar i konflikten. Israelarane reagerte blant anna på at Fagforbundet ønskte å få vedtatt fordømming av "Israels uproporsjonale, vilkårlege angrep retta mot sivilbefolkninga og offentleg tilsette".
Stein Guldbrandsen frå arbeidsutvalet til Fagforbundet, fortalde kongressen om det tiårige samarbeidet mellom Fagforbundet og Norsk Folkehjelp for å støtte palestinarane. Han slo hardt tilbake mot måten dei israelske delegatane skildra konflikten.
Støttar dei undertrykte
–Ja, det er to partar. Men det er ein okkupant – og ein okkupert. Det er ein undertrykt og ein undertrykkar. Fagbevegelsens solidaritet er med dei undertrykte! slå Guldbrandsen fast, og hausta varm applaus.
Guldbrandsen og Fagforbundet hadde også dei europeiske fagforeiningsfolka på si side, viste avstemminga. Sjølv om det på førehand var ei viss spenning om korleis voteringa ville gå, vart det klart fleirtal for det tyrkisk/norske forslaget. 169 stemte for fråsegna, 53 imot og 47 var avhaldande.
Dermed har no Fagforbundet den europeiske fagrørsla i ryggen i arbeidet for palestinarane.