Til hovedinnhold

4.1 E-post, nyheitsbrev, trykksaker og medlemsportal

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Medlemmene meiner at e-post og kontakt med tillitsvalde er dei viktigaste kanalane for informasjon frå forbundet, viser medlemsundersøkinga. E-post er ein effektiv og rimeleg måte å nå ut til medlemmene, men kan også oppfattast som pågåande. Fagforbundet nasjonalt sender sjeldan ut e-post retta til alle medlemmene, og det er grunn til å tru at bruken av e-post som kommunikasjonskanal skjer i varierande grad frå forbundsregionar og foreiningar. Fagforbundet har i dag e-postadressene til rundt 300 000 medlemmer, og for å kunne nå alle med e-post, er det ønskeleg å få korrekte adresser til så mange som mogleg. Dette er også viktig fordi personvernlovgivinga gjer det vanskeleg å nytte medlemslister til å nå medlemmene gjennom sosiale media.  

Den direkte kontakten mellom tillitsvalde og medlemmer blir betre dersom tillitsvalde har tilgang til informasjonsmateriell som brosjyrar og løpesetlar. Dette er også sentralt i kontakt med potensielle medlemmer.  Fleire av organisasjonsledda i Fagforbundet gir i dag ut eigne nyheitsbrev på e-post, særleg retta mot tillitsvalde og ulike yrkesgrupper. Dette gjeld blant anna Fagbladet, Oss tillitsvalgte, dei fire yrkesseksjonane og fleire lokale foreiningar.  

Medlemsportalen er ein kommunikasjonskanal som gjer det lettare for medlemmene å hjelpe seg sjølve, noko som reduserer presset på Servicesenteret. Portalen inneheld også effektive verktøy for tillitsvalde, for eksempel for å sende sms/e-post til medlemmene, lage materiell, halde kurs og gjennomføre arbeidsplassbesøk. I 2020 vart det sendt om lag 400 000 tekstmeldingar og 1500 e-postar til over 900 000 mottakarar med desse verktøya. 

 Tiltak 

Fagforbundet skal: 

  • produsere trykksaker og informasjonsmateriell som gjer at Fagforbundet er lett å kjenne igjen, og som har høg kvalitet på tekst, illustrasjonar/foto og grafisk utforming, 
  • fornye, bygge opp og vedlikehalde fotoarkiv som kan nyttast av ulike organisasjonsledd.
  • sende medlemmene e-post med informasjon frå Fagforbundet i dei samanhengar det er ønskeleg. Det blir utarbeidd ein plan for systematisk bruk av e-post i kommunikasjonen med medlemmene, både på nasjonalt og lokalt plan. 
  • skaffe e-postadressene til fleire av medlemmene.
  • få godkjenning frå medlemmene til å kunne kommunisere med dei gjennom sosiale media, blant anna i samband med innmelding.
  • nytte e-post til direkte informasjon til medlemmene om tariffoppgjera deira, som eit supplement til tariffplakatar og annan informasjon som går via dei tillitsvalde.
  • utvikle malar og andre hjelpemiddel som gjer det lettare for tillitsvalde i forbundsregionar, foreiningar og andre organisasjonsledd å publisere nyheitsbrev.
  • gi tillitsvalde tilbod om kommunikasjonskurs som blant anna skal gi opplæring i kommunikasjon retta mot eigne medlemmer gjennom ulike kanalar.
  • betre innhaldet i medlemsportalen.
  • fornye og forbetre tillitsvaldportalen
  • utvikle digitale verktøy for direkte kontakt mellom tillitsvalde og medlemmer, det skal inkludere å utvide ringeprosjektet fra valkampen i 2021 det løpende organisasjonsarbeidet. 
;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?