Til hovedinnhold

4.4 fagforbundet.no og nettsidene til Fagforbundet

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Nettsidene er ein stadig viktigare del av kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet, fordi medlemmene har auka bruken og nyttar nettet dagleg. Samla har Fagforbundet 421 ulike nettstader med meir enn sju millionar sidevisingar årleg, noko som omfattar fagforbundet.no, sidene til forbundsregionane og foreiningane. Medievaneundersøkinga til LO tyder på at over 90 prosent av medlemmene meiner at nettsida til forbundet i «stor» eller «noen grad» inneheld informasjonen dei treng.  

Strategien bak fagforbundet.no er å:  

  • hjelpe medlemmer med å forstå og ta hand om eigne lønns- og arbeidsvilkår.
  • hjelpe tillitsvalde til å hjelpe medlemmer.
  • synleggjera politikken til Fagforbundet for medlemmer, tillitsvalde og folk elles.
  • bidra til at nettbrukarane i større grad kan hjelpe seg sjølve.

Fagforbundet.no skal ikkje vera ei nettavis, men ein nettstad der medlemmer, tillitsvalde og andre kan finne svar og løysingar på det dei lurer på. Nettsidene skal bidra til å synleggjera dei ulike yrkesgruppene i Fagforbundet, styrke yrkesidentiteten til medlemmene og verve nye medlemmer. Nettsidene til forbundsregionane og foreiningane skal gjera det lettare for medlemmene å få kontakt med sine tillitsvalde, eller bli leia vidare til svar på det dei lurer på. Det er framleis den enkelte fagforeininga og forbundsregionen som skal ha ansvaret for lokalt innhald. 

Fagforbundet skal i 2022 ta i bruk chatbot, ein «snakkerobot», som blir tilgjengeleg for alle som besøker nettsidene til Fagforbundet. Han skal gi raskt svar på enkle spørsmål som gjeld Fagforbundet og skal leite opp svar frå informasjonskanalane til forbundet og andre kjelder. Medarbeidarar i Fagforbundet skal kunne overta der chatboten ikkje kan svare.  

Tiltak: 

Fagforbundet skal: 

  • bruke nettsidene til å vise kva Fagforbundet brenn for, og få fram engasjementet for rettferd i arbeids- og samfunnslivet, og internasjonal solidaritet.
  • gi medlemmene hjelp til sjølvhjelp på nettsidene, både til å handtere eige medlemskap og finne svar på spørsmål dei lurer på.
  • oppdatere dei ulike yrkessidene kontinuerleg.
  • utvikle nettsidene visuelt.
  • gi tillitsvalde tilgang til verktøy og malar som gjer det lettare å publisere på nettsidene.
;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?