Til hovedinnhold

Fagforbundet krev at Mustafa Hasan må få bli

Illustrasjon.

Illustrasjon. (Foto: Mostphotos)

Etter nyttår skal 18 år gamle Mustafa Hasan sendast ut av Norge. Fagforbundet meiner at grunnen til dette er at Norge har ein for streng innvandringspolitikk, som ikkje blir praktisert på ein skjønnsam måte. I denne saka har det vorte lagt for lite vekt på menneskelege omsyn, og for stor vekt på såkalla innvandringsregulerande omsyn.

17.12.2020 av Uttale frå Fagforbundets landsstyre, 17. desember 2020
Sist oppdatert: 21.12.2020

Mustafa kom til Norge som seksåring i 2008, saman med mor og tre eldre brør. Mora er opphavleg palestinar, og familien fekk opphald fordi ho opplyste at dei var statslause palestinarar. Seinare har det komme fram at mor til Mustafa har jordansk statsborgarskap, som følgje av eit tvangsekteskap. Det er uklart om mora opplyste at ho var palestinsk statsborgar fordi ho misforstod, eller fordi ho bevisst gav uriktig informasjon til norske styresmakter. Tvangsekteskap i seg sjølv er ein grunn til å søke beskyttelse, noko som burde vere grunn nok til å la tvilen komma familien til gode.

Bodd i Norge i 13 år

Det er eit grunnleggande rettsprinsipp at barn ikkje skal straffast for handlingane til foreldra, uavhengig av kva som har skjedd i denne saka. Mustafa har budd i Norge i 13 år og skulle etter planen ha fullført vidaregåande skole våren 2021.

Mens Mustafa skal kastast ut, får storebror hans – Abdel – bli i Norge. I saka til Abdel er det lagt sterkare vekt på menneskelege omsyn og tilknyting til landet, enn på innvandringsregulerande omsyn. Utlendingsdirektoratet hevdar at sakene ikkje er like, sjølv om dei handlar om to brør, fødde med eitt års mellomrom, som har vakse opp under dei same forhold. Det er vanskeleg å sjå at to saker kan bli likare.

Tvangsutkastinga av Mustafa Hasan er opprørande og urimeleg. Landsstyret til Fagforbundet krev at styresmaktene tar ei anstendig avgjerd, og gir Mustafa Hasan opphald i Norge.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?