Til hovedinnhold

Regjeringa må sikre velferdstenestene

Illustrasjon

Illustrasjon (Foto: Fagforbundet)

Landsstyret i Fagforbundet meiner regjeringa har ansvaret for at helse- og velferdstenestene no står i fare for å bli svekte. Det er i første rekke kommunane og fylkeskommunane som driv velferdstenestene som vi alle nyt godt av, og koronakrisa har gitt dei ekstrautgifter på mange milliardar kroner.

04.06.2020 av Uttalelse fra Fagforbundets landsstyre
Sist oppdatert: 04.06.2020

Hittil har ikkje regjeringa foreslått løyvingar som dekker alle desse ekstrautgiftene.  Dersom kommunane ikkje får dekt ekstrautgiftene, vil innbyggarane bli ramma av kutt i velferdstenestene innan blant anna helse, omsorg, skole, barnehage og kollektivtrafikk. Ei undersøking viser at rundt ein tredel av kommunane har vurdert å gå til permitteringar, noko som vil ramme dei tilsette og svekke den økonomiske aktiviteten i samfunnet.

Økonomien til kommunane var svak også før koronakrisa, etter å ha vorte svekt gjennom fleire år. For å unngå kutt i velferdstenestene, krev landsstyret til Fagforbundet at regjeringa og Stortinget så raskt som råd kompenserer dei auka utgiftene og reduserte inntektene kommunane har fått.

Fagforbundet meiner at fordelinga av middel mellom kommunane i større grad må bli basert på faktiske utgifter, og ikkje bli fordelt ut frå innbyggartal. Fylkesmennene må få ein større del av desse midla til skjønnsmessig fordeling, basert på lokal kunnskap om dei problema koronakrisa har skapt i kommunane.

Det er positivt at regjeringa har lagt fram ein krisepakke med løyvingar til vedlikehaldstiltak i kommunane, sjølv om på 2,5 milliardar kroner er vesentleg lågare enn det Stortinget og KS har etterlyst.

Kommunalministeren har lagt til grunn middel som var sett av til lønnsauke skal gå til å dekke ekstrautgifter kommunane har fått på grunn av koronakrisa. Fagforbundet vil minne om at det er partane i arbeidslivet som driv lønnsforhandlingar, og at årets lønnsoppgjer er utsett til hausten. Middel gitt i rammetilskott til lønnsoppgjer, kan ikkje nyttast før partane har sluttført forhandlingane.

Landsstyret i Fagforbundet krev at regjeringa omgåande kompenserer dei ekstra utgiftene koronakrisa har gitt kommunane. Dette er nødvendig for å sikre gode velferdstenester i heile landet.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?