- Det er okkupanten som har ansvaret
Det sa Stein Guldbrandsen frå Fagforbundet i sin appell på demonstrasjon 17. november ved Israels ambassade.
19.11.2012
av
Ingunn Eriksen
Sist oppdatert: 19.11.2012
Tekst og foto: Berit Aaker, Palestinakomiteen i Noreg
Demonstrasjon vart arrangert av Palestinakomiteen i Noreg og i Oslo for å syne sin solidaritet med palestinarane på Gazastripa og i protest mot Israels maktbruk. – Spekulasjonar om årsak er ikkje interessant, fortsatte Guldbrandsen. – Palestinarane blir no utsette for massivt bombeangrep og trussel om bakkeinvasjon frå ei av verdas største militærmakt. Blokaden har gjort Gaza om til verdas største friluftsfengsel, og 1,6 millionar palestinarar har i årevis levd under eit terrorregime. Vi må syne avsky mot statsterrorismen og okkupasjonen som har vedvart i 64 år. Noreg må ta ansvaret for å presse fram ei fredeleg løysing som gjer det mogleg for Palestina å fungere som ein sjølvstendig stat. – Situasjonen kan ikkje oppsummerast betre, avslutta Guldbrandsen og siterte “I shot back” skreven av palestinar frå Gaza.
Emad Rozzi frå Gaza sa mellom anna dette: – While I am talking to you now, the occupation is bombing Gaza in all kind of missiles, air, ground, navy – using most sophisticated means to terrorize the people at Gaza. Israel went into this operation for three reasons: Approaching Israeli elections; continuing their habit of terror and disturbing the UN upcoming recognition of Palestine. It is time to take Israel to International Court of Justice. I say yes for peace, dignity and independence. I say yes for resistance, for a Palestinian state. But I say no for Israeli occupation, no for the Israeli terror and no silence against the Crimes.
- Den norske regjeringa må reagere, sa Bjørnar Moxnes, leiar av Rødt. – Og Noreg må gjere som Egypt, kalle attende ambassadøren i Israel, samt be om umiddelbar stopp i dei militære angrepa mot Gaza. Noreg bør stemme for Palestina i FNs generalforsamling i november, samt følge oppmodinga til Norsk Folkehjelp og Fagforbundet om å rydde opp i at norske våpen hamnar i israelske hendar.
Mona Wærnes, leiar av Internasjonalt Utvalg i SV, sa at Noreg må bidra til å oppheve blokaden av Gaza, og foreslå ein humanitær korridor med utstyr, mat og medisin til Gaza. –Israel har i over 40 år okkupert Palestina i eit apartheidsystem som verda knapt har sett makan til, og som audmjukar og trakasserer det palestinske folket. Vi må ha ein slutt på krigen og ein slutt på okkupasjonen – og det må skje no, avslutta Wærnes.
Demonstrasjonen vart leia av Gada Azam, leiar av Palestinakomiteen i Oslo. Vel 500 hadde møtt opp.
Georg Morland i Palestinakomiteen i Hedmark, melder at det var møtt opp eit 50-tals personar. Demonstrasjonen var organisert av enkeltpersonar, men var sterkt representert av AUF, Ship to Gaza Hamar og Palestinakomiteen i Hedmark. Det var appeller ved Kirsti Hougen, Khalid Haji Ahmed og Belal Jahjool, og det vart tent fakkel for kvar palestinar som hittil er drepen. Politikarane var fråverande trass i bombinga av venskapsbyen Khan Younis.
I Bodø stod Palestinakomiteen på stand og delte ut løpesedlar. - Det var lett å få folk i tale og svært mange var forskrekka og redde av hendingane dei siste dagane, seier Jorunn Anda Aronsen, leiar i Palestinakomiteen. - Fleire var opptatte av kva dei kunne gjere. Lokallaget minna om invitasjonen til den møte 29/11 som er FNs internasjonale solidaritetsdag for det palestinske folket, samt oppmoda folk om å melde seg inn som medlemar. Mange ga utrykk for at det var fint at lokallaget var til stades i bybiletet. Lokallaget planlegg ny stand neste laurdag.
I Trondheim var det samling på Trondheim Torg, for å markere avstand frå dei siste dagars bomberegn over Gaza. Rundt 200 møtte opp, og parolane gikk m.a på “Opphev blokaden av Gaza” og “Stopp bombinga – Fritt Palestina”. Det vart halde appellar av LO, Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom, AUF, Sosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Ungdom, Rødt, Rød Ungdom, og Palestinakomiteen.
200 møtte opp i Tromsø. Det var appeller v/ Elisabet Sausjord, Palestinakomiteen i Tromsø, Nehal Afani,styremedlem i Palestinakomiteen i Tromsø, Marius Graff, PUT, frå SU og AUF, samt Erik Jørgensen frå Palestine Network KFUK/KFUM. Ragnar Olsen song. Inger Hilde Trandem frå Vennskap Tromsø-Gaza var møteleiar.
I Narvik gjennomførte Palestinakomiteen ei punktmarkering framfor Narvik rådhus. Jan Åge Riseth heldt appell. Parolene var desse: Stopp Israels angrep mot Gaza, og Hev blokaden av Gaza.
Det var markeringar også i andre delar av landet. Palestinakomiteen fekk 42 nye medlemar i går, og fleire ga gåve til Palestinakomiteens solidaritetsarbeid.