Til hovedinnhold

Fagforbundet krev lønnssolidaritet

KS-oppgjøret i gang: f.v leder i Fagforbundet og forhandlingsleder for LO Kommune, Mette Nord, Steffen Handal, Unio Kommune, Per Kristian Sundnes, KS, Erik Kollerud, YS Kommune og Jan Olav Birkenhagen, Akademikerne Kommune.

KS-oppgjøret i gang: f.v leder i Fagforbundet og forhandlingsleder for LO Kommune, Mette Nord, Steffen Handal, Unio Kommune, Per Kristian Sundnes, KS, Erik Kollerud, YS Kommune og Jan Olav Birkenhagen, Akademikerne Kommune. (Foto: Kjetil Vevle)

– Vi kan ikkje lage ein lønnsstruktur som gjer at nokon systematisk stikk av i lønnsutviklinga, seier leiar i Fagforbundet, Mette Nord, til NTB om Unios krav i lønnsoppgjeret.

14.04.2016 av Informasjonsavdelinga
Sist oppdatert: 14.04.2016

Fagforbundet går til kamp mot veksten i leiarlønningane i kommunane og seier Unios krav om eiga lønnsdanning for høgt utdanna er usolidarisk. Både kommunanes interesseorganisasjon KS og alle arbeidstakarorganisasjonane er einige om at det ikkje er så mykje pengar å forhandle om i dette oppgjeret. Fordelinga mellom ulike grupper av kommuneansatte kan by på utfordringar.

Se Fagbladet-sak: Knallhard kamp om fordelingen

Bryt med solidarisk prinsipp

Fagforbundet meiner Unios krav om eit eige lønnskapittel for høgt utdanna kommunetilsette, som lærarar, sjukepleiarar og barnehagelærarar, vil bryte med dagens solidariske prinsipp innan lønnsdanninga i offentleg sektor.

– Kommunesektoren har eit eige ansvar for å sikre ei lønnsutvikling som òg bidreg til å løfte alle. Ved å lage ei eiga gruppe for desse, bryt ein med det solidariske prinsippet og den norske modellen med små lønnsforskjellar. Vi må sikre at dei utan formell kompetanse, som har låg lønn i utgangspunktet, òg får ta del i den økonomiske utviklinga i landet, seier Mette Nord.

Les heile NTB-saka i avisa Hordaland «Fagforbundet krev lønnslojalitet frå alle yrkesgrupper»

Les Aftenpostens sak «De lavtlønte varsler kamp mot at lærerne skal få mer enn andre»

Unio-leder Steffen Handal i Aftenposten:

Lærere og sykepleiere vil ikke lenger dra med seg de lavtlønnede 

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?