Pressemelding: Eit styrka barnevern
Regjeringa føreslår ei kraftig styrking av kommunalt barnevern og fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. 205 millionar kroner går til om lag 270 stillingar i kommunale barneverntenester, til kompetanse- og samhandlingstiltak og styrka tilsyn. Fylkesnemndene vert styrka med 20 millionar kroner.
15.10.2012
av
Faggruppe barnevern
Sist oppdatert: 15.10.2012
- Med denne styrkinga held regjeringa fram med barnevernsløftet. Dette er den største styrkinga av kommunalt barnevern på 20 år. Regjeringa sitt fremste mål med barnevernsløftet er å auke kapasiteten i det kommunale barnevernet der behovet er størst. Deler av løyvinga skal òg nyttast til kompetansetiltak og styrka tilsyn, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.
I 2013 er det øyremerka nye 205 millionar kroner, slik at samla øyremerking blir om lag 500 millionar kroner. Dei nye stillingane kjem i tillegg til satsinga i 2010, 2011 og 2012. Samla gir dette om lag 850 nye stillingar i det kommunale barnevernet i perioden 2010-2013.
Kompetanse
Kvalitet i tenestene krev gode leiarar. Både Riksrevisjonen og Statens helsetilsyn har peika på at det er nødvendig å styrkje leiarkompetansen i barnevernet.
- I 2013 vil vi setje i gang eit arbeid med å etablere ei utdanning for barnevernsleiarar på mastergradsnivå, seier Thorkildsen.
Tilsyn
Eit velfungerande tilsyn er nødvendig for å ivareta rettstryggleiken og behova til utsette barn. Vi vil derfor styrkje kapasiteten på tilsyn med barn i barnevernet gjennom nye stillingar i fylkesmannsembeta og i Staten helsetilsyn.
Sakshandsamingstida i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker skal ned
Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 20 millionar kroner. Løyvinga skal nyttast til å redusere sakshandsamingstida gjennom å auke talet på saker som blir handsama.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker avgjer saker om tvang etter barnevernlova og sosialtenestelova, og mellom anna saker om omsorgsovertaking. Barn og familiar som er omfatta av saker i fylkesnemndene er i ein svært sårbar situasjon.
– I dag må fleire barn vente over fire månader på at omsorgssituasjonen blir avklart. Det er avgjerande for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt. Det har vore ein auke i saker til handsaming i fylkesnemndene og sakshandsamingstida er for lang. Det er derfor nødvendig å auke kapasiteten, slår Thorkildsen fast.
Når det blir handsama fleire saker i fylkesnemndene fører dette med seg auka utgifter til fri rettshjelp. Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til fri rettshjelp på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett med 20 millionar kroner.