Rapport: Meir barnevern - mindre foreldrevern
Raundalenutvalet meiner at nærleik til biologiske foreldre må telje mindre i barnevernssaker. Det må bli lettare for barnevernet å ta barn ut av heimen, heiter det i rapporten som vart overrekt barneminister Audun Lysbakken.
06.02.2012
av
Faggruppe barnevern
Sist oppdatert: 10.02.2012
- Barnet si tilknyting skal ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet, heiter det i rapporten.
- Å skilje barn og foreldre er ei av dei vanskelegaste avgjerdene ein kan ta. Me må ha ein grundig og open diskusjon om når og korleis ein skal gjera dette. Utvalet gir oss eit godt grunnlag for å ta denne vanskelige og naudsynte diskusjonen, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.
Det biologiske prinsippet er eit grunnprinsipp i barnevernlova. Prinsippet byggjer på at det er eit sterkt band mellom barn og foreldre som i seg sjølv har ein eigenverdi for barnet.
I utgreiinga foreslår utvalet at eit fjerde prinsipp om
utviklingsstøttande tilknyting blir innført
for å vurdera vanskelege saker i barnevernet. Utvalet skriv
at forsking viser at kvaliteten og kontinuiteten i samspelet mellom
barn og omsorgspersonane er svært avgjerande for barn si
utvikling. Når ein skal avgjera val av bustad, samvær,
tiltak og tilbakeføring i barnevernsaker, må det
derfor leggjast stor vekt på tilknyting.
Prinsippet om utviklingsstøttande tilknyting skal
ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet.
Les artikkelen på BLDs nettsider