- Kommunalt barnevern må styrkast vidare
Fylkesmannen har besøkt kommunane i Hordaland for å følgje med om dei når måla i staten si barnevernsatsing. - Det trengst framleis fleire stillingar og meir kompetansebygging for å nå alle lovkrava, er blant konklusjonane etter besøket.
27.11.2011
av
Harald Berre
Sist oppdatert: 27.11.2011
I statsbudsjettet for 2011 vart det sett av øyremerkte midlar til styrking av det kommunale barnevernet. Som ei oppfølging av dette, har Fylkesmannen i Hordaland besøkt alle kommunane som har fått midlar gjennom satsinga.