Helsefagarbeidar – gratulerer med dagen!
Den 26. november markerar vi helsefagarbeidardagen. Fagforbundet organiserar til saman over 70 000 helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Vi er stolte av kvar einaste ein.
25.11.2019
av
Fagforbundet
Sist oppdatert: 26.11.2019
Helsefagarbeidaren er ein av bærebjelkane i samfunnet vårt. Det er helsefagarbeidaren som pleiar, lindrar, og gjev omsorg til våre eldre og sjuke. Nokon arbeidar forebyggande innan psykisk helse og rus. Andre bistår barn og unge som har funksjonsnedsetjingar.
Dei siste åra har vi òg med glede sett at helsefagarbeidaren er på veg tilbake i sjukehusa. Over mange tiår har det blitt ført ein politikk der fleire yrkesgrupper har blitt skvisa ut av spesialisthelsetenesta. Ei blanding av profesjonskamp og effektivisering har gjort det vanskelegare for helsefagarbeidaren å få jobb på sjukehus.
Frå 2008 til 2016 vart talet på helsefagarbeidarar og pleieassistentar i spesialisthelsetenesta redusert med 26 prosent. Fagforbundet har ropt varsko om denne politikken lenge. Vi meiner at alle yrkesgrupper trengs. Dei må samarbeide i eit slikt fint maskineri som eit sjukehus er.
Sats på lærlingane
Vi blir difor svært glade når vi ser at trenden er i ferd med å snu. I Helse Stavanger har dei tilsett 500 helsefagarbeidarar. Dei har òg til ei kvar tid 50 lærlingar i faget. Stavanger universitetssjukehus etablerte i 2008 eit eige opplæringskontor på sjukehuset.
I Vestre Viken helseforetak har iherdig innsats frå tillitsvalde gjort at sjukehuset ser verdien i å tilsetje helsefagarbeidarar. Dei har òg klart å stoppe omgjering av fleire stillingar.
På St. Olavs Hospital i Trondheim har dei starta eit prosjekt med mål om å auke andelen helsefagarbeidarar til 15 prosent, samt tiltrekke seg fleire lærlingar.
Vi i Fagforbundet er overtydd om at dette vil gje betre pasientbehandling. Til helsefagarbeidarane: Tusen takk for jobben de gjer, og til lukke med dagen!