Notis. Vaksdal kommunestyre vedtok nei til Israelske varer
07.05.2018
av
Informasjonsavdelinga
Sist oppdatert: 16.05.2018
Slik er vedtaket (16 mot 5):
- Israelske busettingar på okkupert palestinsk område er folkerettsstridige, og vert ikkje anerkjent som ein del av Israel av Norge, EU og FN. Handel med israelske busettingar bidreg til å støtte opp om ein folkerettsstridig situasjon.
- Kommunestyret vil derfor avstå frå å kjøpe varer og tenester som har opprinnelse i dei israelske busettingane på okkupert palestinsk område.
- Kommunestyret oppfordrar vidare kommunens innbyggjarar om å avstå frå innkjøp varer og tenester som støttar opp om Israels busettingsvirksomhet.
- Vaksdal kommunestyre vil appllera til regjering og Storting om å auka innsats for å fremja dialogløysing på konflikten mellom Israel og Palestina.