Til hovedinnhold

Presentasjon av våre plasstillitsvalgte-148895

Anne-Lise Hauge Tillitsvald for våre medlemmar på Oreteigen

18.10.2019
Sist oppdatert: 12.11.2019

Navn: Anne-Lise Hauge

 

Tillitsvald sidan: Januar 2019

Fortell litt om deg sjølv: Eg er ei dame på 57år, eg er gift og har tre born, og to borneborn. Eg likar å strikke, og eg dyrkar både blomster og grønsaker. Eg set og i styret i Helselaget.

Kvifor vart du tillitsvald?  Det var vanskeleg å få nokon til å ta på seg vervet, så eg melde meg difor frivilleg.

Kva opptek deg som tillitsvald? Att ting går rett for seg, og at folk vert behandla på ein skikkeleg måte.

Dersom du kunne endre ein ting ved arbeidslivet i dag, kva ville det ha vore? At det skal vere nok bemanning, slik at ein får tid til å gjere ein skikkeleg jobb.

Kven ser du opp til? Folk som gjer av si fritid til å hjelpe andre.

Kven fortener etter di meining å setje seg på ein kaktus? Donald Trump.

Kva er draumen din? At eg får halde meg frisk, slik at eg kan arbeide lengst mogeleg.

 

Tusen takk Anne-Lise for den innsatsen du legg ned for våre medlemmar, det set vi stor pris på.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?