Kommuneoppgjøret for 2020 er i havn
Det var lite pengar til rådvelde i årets oppgjer i KS, eit oppgjer som naturleg nok var prega av korona-pandemien
29.09.2020
Sist oppdatert: 30.09.2020
Me har landa på eitt sentralt oppgjer som det er lov vera skuffa over, men som samstundes er det beste me kunne få i den situasjonen me er i no. Resultatet av årets forhandlingar gjer likevel at folk opprettheld kjøpekrafta, noko som har vore viktig for Fagforbundet å få til!
Meir info om oppgjeret finn du på denne nettsida
I oktober vil medlemmane i Fagforbundet bli bedt om å stemma for eller mot årets oppgjer. Du vil få beskjed via SMS eller e-post om korleis du går fram for å registrera di stemme i uravstemminga.
Styret i Fagforbundet Voss stiller seg bak årets resultat og tilrår medlemmane å stemma ja i uravstemminga over årets oppgjer.