Oppdatering frå dei hovudtillitsvalde
Me hovudtillitsvalde i Fagforbundet Voss arbeidar heimanfrå under koronakrisa. Kontoret i Uttrågata er difor stengt, men me kan framleis nåast på telefon eller e-post.
23.03.2020
Sist oppdatert: 23.03.2020
Me har den siste tida hatt ein del endringar i bemanninga hjå Fagforbundet Voss.
Frå 16. mars trådde Kristine Sunde Fauske midlertidig inn som hovudtillitsvaldsvikar for Hilde Knapstad Tveite og Inge Skrede trådde inn som hovudtillitsvaldsvikar for Kristine.
Det betyr at me no er tre stk hjå Fagforbundet Voss; Olaug (100 % hovudtillitsvald / leiar), Kristine (100 % hovudtillitsvald) og Inge (25 % hovudtillitsvald).
Me ber om at all kontakt med Fagforbundet takast primært gjennom Kristine eller Inge, då Olaug har mykje oppgåver knytt til Korona-krisa akkurat no.
Me vonar alle tek godt vare på seg sjølv i desse dagar, og sender ein ekstra varm tanke til dykk som ikkje kan ha heimekontor, men må ut av huset for å sikra at det mest naudsynte maskineriet haldast i gang.
Kontaktinformasjon:
Olaug Kyte |
Hovudtillitsvald |
918 74 221 |
|
Kristine Sunde Fauske |
Hovudtillitsvald |
971 65 987 |
|
Inge Skrede |
Hovudtillitsvald |
911 66 137 |