Helsing frå leiar
Me har lagt bak oss den første veka med heimekontor, karantene og eit samfunn der store deler er stengt ned. Mange har jobba dag og natt siste tida for å halda oppe samfunnskritiske funksjonar.
23.03.2020
Sist oppdatert: 23.03.2020
No ser vi kva yrkesgrupper vi verkeleg treng for å få samfunnet til å gå rundt. Alle yrkesgrupper er eit tannhjul i det store maskineriet, men bortfall av enkelte tannhjul gjer større skade på maskineriet enn andre.
Eg vil senda ein stor takk til alle som står på for å halda samfunnsmaskineriet vårt i gang.
Ein takk til deg som jobbar innan helse og heimetenester og som tek godt vare på dei mest sårbare av oss, til deg som utfører reinhald og syter for å halda viktige arbeidsplassar opne, til deg som jobbar med vatn og avløp og syter for at me har reint vatn i springen, til deg som er vaktmeister og utfører viktige reparasjonar på samfunnskritiske bygg, til deg som jobbar i barnehage og tek deg av barna til dei som må på jobb, til deg som jobbar i skulen og syter for god heimeundervisning, til deg som er leiar og syter for å ta godt vare på alle rundt deg, til deg som jobbar med IKT og syter for at me har nettilgang og at systema våre fungerer, til deg som jobbar med informasjon og syter for at fakta kjem ut til folket, til deg som svarar på telefonar og hjelper utrygge innbyggjarar, til deg som jobbar i administrasjonen i kommunen og fylkeskommunen og syter for å ha oversikt og gjer ditt slik at alle me andre kan gjera vårt, til deg som jobbar på matbutikken og syter for at me får vårt daglege brød, til deg som jobbar på apoteket og syter for at me får dei medisinane me treng, til deg som er yrkessjåfør og syter for vareflyt og at folk med samfunnskritiske stillingar kjem seg på jobb, til deg som produserer varer me treng til dagen, til deg som jobbar med sårbare menneske innan helse, rus og psykiatri og tryggjer dei i kvardagen, til deg som jobbar på NAV og syter for at folk har pengar å leva for, til deg som jobbar i renovasjon og syter for at boset vårt vert henta, til deg som har vakt og er klar til jobb i naudsituasjonar, til deg som er omdisponert for å hjelpa til der det trengs mest, til deg som har meldt deg til å hjelpa andre, til deg innanfor næringslivet som prøver å halda hovudet over vatnet, til politikarane som må ta viktige og gode avgjerdsler under stort tidspress, til deg som hjelper naboen og til deg som tek den ekstra telefonen for å høyra korleis det går med vener og kjente.
Til slutt vil eg takka deg som har heimekontor, deg som er heime med små barn, og deg som sit i karantene; de gjer no ein kjempeviktig jobb for samfunnet med å hindra smittespreiing.
Eg sender også ein stor takk og ein god klem til alle dei tillitsvalde som står på kvar einaste dag til det beste for sine medlemmer-tusen, tusen takk!
No er det viktig at me står saman ved å halda avstand, og ta vare på kvarandre ved å visa omsyn og omsorg.