Vartdal Helsetun fikk arbeidsmiljøprisen 2021
Under arbeidsmiljøkonferansen 21. april var en av programpostene utdeling av arbeidsmiljøprisen 2021. I år ble det Vartdal helsetun i Ørsta kommune som fikk prisen.
29.04.2021
Sist oppdatert: 29.04.2021
Arbeidsgruppa for Arbeidsmiljøkonferansen, som også er jury, vil trekke fram nokre punkt som grunngjeving for tildelinga av prisen.
Vinnaren av Arbeidsmiljøprisen 2021 fyller godt alle kriteria som ligg til grunn for prisen.
Gode system for HMS er på plass, dei har fokus på arbeidsnærvær på fleire ulike måtar, dei har godt partssamarbeid gjennom si HMS-gruppe og dei legg vekt på opplæring og fagleg oppdatering gjennom god delingskultur. Dei har også vore innovative på små, men viktige grep som lett kan ha overføringsverdi til andre.
Sjukefråværet var i 2019 på 4%, noko som er svært lågt. Det har auka noko i korona-tida, men det er naturleg, i følgje styrar, og noko ein ikkje kan unngå når terskelen for å vere heime skal vere låg.
Det vi særleg legg merke til er eit grunnleggande systematisk HMS-arbeid. Vi ser at dette er godt forankra i kommunen sitt overordna system, og at denne eininga har utvikla eit velfungerande lokalt system. Her har det tydeleg vore jobba svært målretta. Jamt og systematisk arbeid over tid har gitt resultat.
Dei brukar medarbeidarundersøkinga 10-faktor som systematisk verktøy for finne fram til område for å jobbe med arbeidsmiljøet. Her vert partssamarbeidet trekt fram som ein avgjerande faktor for at arbeidet har lukkast, og arbeid med rolleklarheit vert nemnt særleg i denne samanheng. Handlingsplanar vert utarbeidde i fellesskap og vert formidla til tilsette slik at alle er informerte om fokusområde det skal jobbast med. Slik får personalet felles fokus og eigarskap til satsingsområda.
Eininga har stort fokus på nærværsarbeid og heiltidskultur. Tilsette skal kunne kome på jobb med den friske delen, og det vert frå styrar si side lagt til rette for dialog og tilrettelegging. Viktig at tilsette får fylle og meistre den stillinga dei har. HMS-gruppa er også deltakande for å finne løysingar på tilrettelegging. Å sjå den einskilde arbeidstakar og deira utfordringar ser ut til å vere ein god inngang for å auke nærværet. Meistringskultur, tilpassa arbeidsoppgåver, tillit, openheit, fleksibilitet og stor takhøgde er omgrep som vert trekte fram av dei tilsette.
Ein ting vi i juryen la særleg merke til er eininga si geniale løysing på stort arbeidspress på einskilde tidspunkt på dagen. Det har dei løyst ved å tilsetje ungdom som får arbeid nokre timar på ettermiddag. Dette har vist seg som eit godt tiltak for alle partar, og har også vore med på å rekruttere ungdom til å utdanne seg innan helsefag. Eit svært positivt og innovativt tiltak som i høg grad kan ha overføringsverdi til andre.
Juryen ser ein arbeidsplass der leiing og tilsette er rause med kvarandre. Det gir eit godt arbeidsmiljø og eit personale som er stolte av arbeidsplassen sin.